Skjema Tema Omtale
A
Avfall, årleg rapportering for deponi Miljø og klima For industrideponi og avfallsdeponi som skal levere årleg rapportering til Miljødirektoratet og Statsforvaltaren.
B
Barn og unges rett til å klage på barnevernet Barn og foreldre Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon.
Barnevern - stimuleringsmidlar til gjennomføring av utviklingsprosjekt Barn og foreldre Kommunar kan søke om stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt i barnevernstenestena.
Barnevern, informere om at barn i institusjon har hatt kontakt med politiet Barn og foreldre Barnevernsinstitusjonar kan bruke digitalt skjema for å melde frå til Statsforvaltaren om at born har vore i kontakt med politiet
E
Elvefiske Miljø og klima For elveeigarlag som skal rapportere om fangst i elv.
F
Forliksråd, dommarforsikring Folk og samfunn Medlemmer i forliksrådet skal gje skriftleg forsikring om at dei samvitsfullt oppfyller pliktene sine. Dommarforsikringa blir sendt digitalt til Statsforvaltaren.
Forliksråd, stadfortredar for ein kort periode Folk og samfunn Når verken medlemmer eller vara kan møte i forliksrådet, kan kommunen oppnemne ein stadfortredar, anten for ei konkret sak eller for ein periode på inntil tre månader. Bruk skjemaet for å melde frå om slik vikar.
Forliksrådsmedlemmer Folk og samfunn Bruk skjemaet til å melde frå om medlemmer i eit nytt forliksråd. Kommunen skal også bruke skjemaet ved supplerande val av medlemmer til eit eksisterande forliksråd.
Forureining – tips, bekymringsmelding eller klage – nynorsk Miljø og klima Skjema for å sende tips, bekymringsmelding eller klage til Statsforvaltaren om forureining. Klager på ei spesifikk verksemd skal helst sendast direkte til verksemda.
Forureining, akutt utslepp av avløpsvatn Miljø og klima Skjema for kommunar og bedrifter (den som har gjort skade) som skal varsle om akutte utslepp frå avløpsanlegg med løyve etter kap. 14 i forureiningsforskrifta der utsleppet har konsekvensar for miljøet.
Forureining, planlagt utslepp av avløpsvatn Miljø og klima For kommunar eller bedrifter som skal varsle om planlagt utslepp av avløpsvatn. Skjemaet kan også brukast til oppfølgande meldingar.
Forureining, årleg rapportering for industri Miljø og klima For bedrifter som skal rapportere om eigenkontroll. Eigenkontrollen omfattar alle utslepp som har innverknad på miljøet.
Forurensning – tips, bekymringsmelding eller klage – bokmål Miljø og klima Skjema for å sende tips, bekymringsmelding eller klage til Statsforvalteren om forurensning. Klager knyttet til en spesifikk virksomhet skal helst sendes direkte til virksomheten.
Fri rettshjelp for privatpersonar Folk og samfunn Privatpersonar kan søkje om fri rettshjelp. Fri rettshjelp er økonomisk støtte til juridisk rådgjeving eller støtte til å føre ei rettssak. Ordninga gjeld bestemte sakstypar.
Fritak frå teieplikt Folk og samfunn Politi eller advokat (prosessfullmektig) kan søkje om fritak frå teieplikt for tilsette i skule, barnehage, barnevern, sosialetaten og dei som arbeider med oppgåver etter introduksjonslova. Fritaket gjeld når vedkommande skal vitne i ei rettssak eller gje forklaring i politiavhøyr om eit konkret straffbart forhold.
Fysiske tiltak i vassdrag - Søknadsskjema Miljø og klima Skjemaet har som formål å vise hvilke opplysninger som er nødvendige å oppgi når det søkes etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.
G
Godtgjering til ekstern mottakar Anna For eksterne mottakarar som skal levere reiserekning, utgiftsrefusjon eller kreve honorar. Utbetaling skjer via appen "Betalmeg". Skjemaet føreset at du allereie har registrert deg som brukar.
Godtgjering til eksterne, registrer ny brukar Anna Viss det er første gongen du skal kreve honorar eller sende reiserekning til Statsforvaltaren, må du bruke dette skjemaet for å registrere deg som ekstern mottakar.
K
Klage på helsehjelp Helse, omsorg og sosialtenester Du kan klage til Statsforvaltaren viss du ikkje er nøgd med helsehjelpa du har fått. Du kan også klage på manglande helsehjelp, eller viss du meiner at du har rettar som ikkje er oppfylte. Når du nyttar dette skjemaet, vil vi få dei opplysningane vi treng frå deg for å kunne vurdere klaga di.
Kommunal garanti Kommunal styring For kommunar som skal søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Slik søknad må sendast når beløpet som kommunen skal garantere for, overstig ei bestemt grense. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.
Kommunalt rusarbeid Helse, omsorg og sosialtenester Kommunar (gjerne i samarbeid med andre) kan søkje om tilskot til kommunalt rusarbeid. Målet med tilskotet er at kommunen utviklar tilbod som gir personar med rusmiddelproblem og deira pårørande betre livskvalitet, meistring og moglegheit til eit aktivt og meiningsfullt liv. Tiltaka kan vere innanfor førebygging, tidleg intervensjon, behandling og oppfølging.
Kommunalt rusarbeid, rapportering etter overgangsordning Helse, omsorg og sosialtenester Kommunar og bydelar som i 2024 fekk tilskot for å fullføre siste året i tråd med overgangsordninga, må rapportere på bruken av tilskotet. Føremålet med ordninga var å sikre varig kapasitetsvekst i det kommunale tilbodet til personar med rusmiddelproblem. Kommunar og bydelar som kjem inn under overgangsordninga, skal bruke dette skjemaet til å rapportere.
Kvalifiseringsprogram, aktivitetsplikt og tilgjengelegheit til dei sosiale tenestene Helse, omsorg og sosialtenester For kommunar som skal rapportere på kvalifiseringsprogram, vilkår om aktivitet for personar under 30 år og på tilgjengelegheit til dei sosiale tenestene i Nav.
M
MDU - Informasjon til søker Miljø og klima Informasjon til søker – Mudring, dumping og utfylling
MDU - Rapporteringsskjema - SFVT - bokmål Miljø og klima Rapporteringsskjema – Mudring, dumping og utfylling - bokmål
MDU - Rapporteringsskjema - SFVT - nynorsk Miljø og klima Rapporteringsskjema – Mudring, dumping og utfylling - nynorsk
MDU - Søknadsskjema - SFVT - bokmål Miljø og klima Søknad om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag
MDU - Søknadsskjema - SFVT - nynorsk Miljø og klima Søknad om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag
MDU - Veiledning til søknadskjema Miljø og klima Veiledning til søknadsskjema om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag
Meld frå om kritikkverdig forhold Folk og samfunn Ein arbeidstakar som får kjennskap til eit mogleg kritikkverdig forhold på arbeidsplassen sin, har rett til å varsle offentlege styremakter om dette. Dette vert kalla ekstern varsling.
Meldeskjema - kap. 24 – asfaltverk - bokmål Miljø og klima Melding til Statsforvalteren om virksomhet etter forurensningsforskriftens kapittel 24: Forurensninger fra asfaltverk
Meldeskjema - kap. 24 – asfaltverk - nynorsk Miljø og klima Melding til Statsforvaltaren om verksemd etter forureiningsforskrifta kapittel 24: Forureining frå asfaltverk
Meldeskjema - kap. 26 – fiskeforedlingsbedrifter - bokmål Miljø og klima Melding til Statsforvalteren om virksomhet etter forurensningsforskriftens kapittel 26: Forurensninger fra fiskeforedlingsbedrifter
Meldeskjema - kap. 26 - fiskeforedlingsverksemder - nynorsk Miljø og klima Melding til Statsforvaltaren om verksemd etter forureiningsforskrifta kapittel 26: Forureining frå fiskeforedlingsverksemder
Meldeskjema - kap. 27 - mellomstore forbrenningsanlegg - bokmål Miljø og klima Melding til Statsforvalteren om virksomhet etter forurensningsforskriftens kapittel 27: Utslipp til luft fra mellomstore forbrenningsanlegg
Meldeskjema - kap. 27 - mellomstore forbrenningsanlegg - nynorsk Miljø og klima Melding til Statsforvaltaren om verksemd etter forureiningsforskrifta kapittel 27: Utslepp til luft frå mellomstore forbrenningsanlegg
Meldeskjema - kap. 28 - kjemisk - elektrolytisk overflatebehandling - bokmål Miljø og klima Melding til Statsforvalteren om virksomhet etter forurensningsforskriftens kapittel 28: Forurensninger fra anlegg for kjemisk/ elektrolytisk overflatebehandling
Meldeskjema - kap. 28 - kjemisk - elektrolytisk overflatebehandling - nynorsk Miljø og klima Melding til Statsforvaltaren om verksemd etter forureiningsforskrifta kapittel 28: Forureining frå anlegg for kjemisk/ elektrolytisk overflatebehandling
Meldeskjema - kap. 29 - mekanisk overflatebehandling og vedlikehald av metallkonstruksjonar - nynorsk Miljø og klima Melding til Statsforvaltaren om verksemd etter forureiningsforskrifta kapittel 29: Forureining frå mekanisk overflatebehandling og vedlikehald av metallkonstruksjonar inkludert skipsverft (også sprøytemaling/lakkering)
Meldeskjema - kap. 29 - mekanisk overflatebehandling og vedlikehold av metallkonstruksjoner - bokmål Miljø og klima Melding til Statsforvalteren om virksomhet etter forurensningsforskriftens kapittel 29: Forurensning fra mekanisk overflatebehandling og vedlikehold av metallkonstruksjoner inkludert skipsverft (også sprøytemaling/lakkering)
Meldeskjema - kap. 30 - pukkverk - bokmål Miljø og klima Melding til Statsforvalteren om virksomhet etter forurensningsforskriftens kapittel 30: Forurensninger fra produksjon av pukk, grus, sand og singel
Meldeskjema - kap. 30 - pukkverk - nynorsk Miljø og klima Melding til Statsforvaltaren om verksemd etter forureiningsforskrifta kapittel 30: Forureining frå produksjon av pukk, grus, sand og singel
Meldeskjema – kap. 33 – betong - bokmål Miljø og klima Melding til Statsforvalteren om virksomhet etter forurensningsforskriftens kapittel 33: Forurensning fra produksjon av fabrikkbetong, betongvarer og betongelementer
Meldeskjema – kap. 33 – betong - nynorsk Miljø og klima Melding til Statsforvaltaren om verksemd etter forureiningsforskrifta kapittel 33: Forureining frå produksjon av fabrikkbetong, betongvarer og betongelement
Melding frå bedrift/organisasjon til Statsforvaltaren Anna Skjema for bedrifter og organisasjonar som skal sende meldingar med sensitive opplysningar til Statsforvaltaren. Skjemaet kan også brukast til å ettersende dokument. Skjemaet krev innlogging med e-ID.
Melding frå privatperson til Statsforvaltaren Anna Skjema for privatpersonar som skal sende meldingar med sensitive opplysningar til Statsforvaltaren. Skjemaet kan også brukast til å ettersende dokument. Skjemaet krev innlogging med e-ID.
Melding til verjemålsavdelinga hos Statsforvaltaren Verjemål, Anna Bruk skjemaet til å sende inn ei melding til vergemålsavdelinga hjå Statsforvaltaren i tilfelle der det ikkje finst ein annan skjematype som passar betre. (Altinn-skjema)
Mobbing eller dårleg skulemiljø Barnehage og opplæring Alle elevar har krav på ein trygg skuledag utan mobbing. Viss du ikkje får hjelp hjå rektor, kan du bruke dette skjemaet til å komme i kontakt med Statsforvaltaren.
Motorferdsel i verneområde Miljø og klima Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verna område. Du må oppgje føremålet med ferdselen.
Mottak og mellomlagring av brukt asfalt og/eller betongrestar – nynorsk Miljø og klima Skjema for kva for informasjon Statsforvaltaren treng for å vurdere om mottak og mellomlagring av brukt asfalt og/eller betongrestar krev særskilt løyve etter § 11 i forureiningslova.
Mottak og mellomlagring av brukt asfalt og/eller betongrester – bokmål Miljø og klima Skjema for hvilken informasjon Statsforvalteren trenger for å vurdere om mottak og mellomlagring av brukt asfalt og/eller betongrester krever særskilt tillatelse etter § 11 i forurensningsloven.
O
Oskespreiing Folk og samfunn Søk om oskespreiing. Du kan søkje om at eiga oske skal bli spreidd for vinden, eller du kan søkje om oskespreiing på vegne av ein annan person.
P
Petroleumslege og dykkerlege Helse, omsorg og sosialtenester Søk om å bli godkjent som petroleumslege eller dykkerlege.
Politiske partier Folk og samfunn Politiske partier som er registrert i partiregisteret, kan søke om tilskudd.
Prosjektskjønn Kommunal styring Søk om midlar til kommunal omstilling og fornying eller rapporter bruken av tildelte midlar.
R
Regionalt miljøtilskot Landbruk og mat Alle landbruksføretak kan søkje om tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Tilskotet blir gitt til jordbruksføretak som tilfredsstiller vilkåra for regionale miljøtilskot. (Altinn-skjema)
Reindrift Landbruk og mat Alle som eig ein del av ein sida, må på vegne av reineigarar melde frå om reindrift, og kan søkje om tilskot til sidaandelar og tamreinlag. Det er også mogleg å søkje om erstatning for rein som er drepen av freda rovvilt.
Reindrift, overføring av siidaandel Landbruk og mat Bruk skjemaet for å melde om overføring av siidaandel til ny eigar.
Rettshjelpskalkulator Folk og samfunn Bruk rettshjelpskalkulatoren til å finne ut om du har rett på fri rettshjelp.
Rovvilt, akutte førebyggjande tiltak mot rovviltskadar Miljø og klima Husdyreigarar og tamreineigarar kan søkje om støtte til akutte tiltak mot rovviltskadar. Søknaden må på førehand vere avtala med Statsforvaltaren.
Rovvilt, erstatning for sau drepne av freda rovvilt Miljø og klima I tilfelle der gaupe, jerv, bjørn, ulv eller kongeørn er årsak til tap av husdyr eller tamrein, kan dyreeigaren søkje om erstatning.
Rovvilt, førebyggjande tiltak mot rovviltskadar Miljø og klima Husdyreigarar og tamreineigarar kan søkje om støtte til førebyggande tiltak mot rovviltskadar. Tiltaket må kunne forventast å ha direkte tapsreduserande effekt.
Rovvilt, konfliktdempande tiltak Miljø og klima Kommunar, organisasjonar og andre kan søkje om støtte til tiltak i lokalsamfunn der rovvilt, særleg bjørn og ulv gjer seg gjeldande. Målet er at tiltaket skal gjere lokalsamfunnet betre i stand til å handtere konfliktar som desse artane kan skape. Tiltaka skal bidra til auka kunnskap og forståing for rovvilt og rovviltforvalting.
S
Separasjon og skilsmisse Folk og samfunn Søk om separasjon og skilsmisse. Det digitale søknadsskjemaet hentar automatisk inn nødvendige opplysningar, og saksbehandlingstida blir kortare.
Separasjon og skilsmisse, kopi av løyve Folk og samfunn Bruk skjemaet til å bestille kopi av skilsmisse- eller separasjonsløyve.
Sjølaksefiske Miljø og klima For fiskarar som skal registrere fiske med fastståande reiskap etter laks, sjøaure og sjørøye.
Skogfondssystemet Landbruk og mat Skogeigarar kan leggje inn krav om utbetaling frå skogfondkontoen sin for å dekkje investeringar til skogkultivering. Skogfondet er pengar som skogeigaren pliktar å setje av ved sal av tømmer og biobrensel. (Altinn-skjema)
Skogskader Landbruk og mat Bruk skjemaet til å melde inn skogskadar. Innmeldar rapporterer og stadfestar skadeobservasjonar på skog. (Nibio-skjema)
Standpunktkarakter, oversending av klagar frå skulen Barnehage og opplæring Skjema for skular som skal sende inn standpunktkarakterklagar til Statsforvaltaren for behandling. Dersom du er elev og vil klage på ein standpunktkarakter, må du ta kontakt med rektor ved skulen.
Symjing i barnehagar Barnehage og opplæring Send rapport om bruken av tildelte midlar til symjeopplæring.
Symjing i barnehagar Barnehage og opplæring Søk om tilskot til symjeopplæring i barnehagar.
T
Tilskot ved produksjonssvikt Landbruk og mat Jordbruksføretak med omfattande svikt i planteproduksjon på grunn av klimatiske forhold kan søkje om tilskot. Før du søkjer må du ha ha meldt frå om svikten til kommunen. Lenka fører til Landbruksdirektoratets søknadsrettleiing. Der finn du både meldeskjema og søknadsskjema.
Tilskotsordningar på landbruksområdet Landbruk og mat For kommunar som skal melde frå om neste års rammebehov for tiltak på landbruksområdet. Tilskotsordninga omfattar nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK), spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og tiltak i beiteområde. Statsforvaltaren fastset lokale fristar for innsending av rammebehov
Trus- og livssynssamfunn Folk og samfunn Ein digital løysing der samfunna kan sende inn søknad om registrering, krav om tilskot, årsrapportar, reknskap, søknadar og godkjenning av vigslar m.m
V
Vassmiljø, kalking og anadrome laksefisk Miljø og klima Søk om tilskot til vassmiljøtiltak, kalking og tiltak for å sikre og utvikle bestandar av ville anadrome laksefisk. Kommunar, interkommunale organ, frivillege organisasjonar, forskingsinstitusjonar, vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, verksemder og dei som har fiskerett, kan søkje om tilskot. Lenka fører til Miljødirektoratets søknadssenter. Statsforvaltaren behandlar søknader og betalar ut tilskot.
Vedtak om helsehjelp som pasienten motset seg Helse, omsorg og sosialtenester Før det kan gis helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, må helsepersonellet som er ansvarleg for helsehjelpa gjere vedtak om nødvendig helsehjelp. Dette skjemaet skal brukast av helsepersonell som skal orientere statsforvaltaren om at slikt vedtak er gjort. Skjemaet krev innlogging via ID-porten.
Verjeerklæring Verjemål Skjema for deg som er verje og som skal stadfeste at du tek på deg verjeoppdraget og at du er innforstått med oppgåver, ansvar og plikter. (Skjema frå Statens sivilrettsforvaltning)
Verjegodtgjering Verjemål Søk om godtgjering og dekning av nødvendige utgifter knytt til oppdraget som verje. (Skjema frå Statens sivilrettsforvaltning)
Verjegodtgjersle via DFØ-portalen Verjemål Skjema for verjer som skal sende reiserekning, be om utgiftsrefusjon eller honorar.
Verjemål for mindreårig person Verjemål Meld behov for verjemål for ein mindreårig person. (Skjema frå Statens sivilrettsforvaltning)
Verjemål for vaksen person Verjemål Bruk skjemaet for å søkje om at det blir oppretta verjemål for ein vaksen person eller deg sjølv. For å kunne sende inn ein søknad om verjemål for andre enn deg sjølv, må du vere nær pårørande, lege eller tilsynslege for personen det gjeld. Institusjonen/bustaden der personen oppheld seg og ansvarlege ved sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta i kommunen, kan og sende inn ein søknad om verjemål. Skjemaet kan sendast inn av person og verksemd. Skjemaet krev innlogging med tryggingsnivå 3 eller høgare. (Altinn-skjema)
Verjemål, bli fast verje eller representant for eninsleg mindreårig asylsøkjar Verjemål Søk om å bli fast verje eller representant for einslege mindreårige asylsøkjarar (Altinn-skjema frå Statens sivilrettsforvaltning)
Verjemål, fullstendigheitserklæring Verjemål For verjer som skal levere årleg erklæring om rekneskap og formuesforvaltning. (Skjema GA-8042 frå Statens sivilrettsforvaltning).
Verjemål, samtykkeerklæring Verjemål Skjema for deg som treng verje og som samtykkjer til at du får verje. Bruken av skjemaet føreset at du er samtykkekompetent. (Skjema frå Statens sivilrettsforvaltning)
Verjemål, statsforvaltarens godkjenning, samleskjema Verjemål For verjer som skal gjere disposjonar som krev samtykke frå Statsforvaltaren. Skjemaet har sikker innlogging.
Verjemål, søk om å få oppretta Verjemål Bruk skjemaet til å søkje om å få oppretta verjemål for ein vaksen person eller deg sjølv. Skjemaet kan brukast av deg som treng verje, nære pårørande og ein persons verje (viss han eller ho allereie står under verjemål), eller av behandlande lege eller tilsynslege. (Altinn-skjema frå Statens sivilrettsforvaltning)
Vidareutdanning under skuleutvikling Barnehage og opplæring Barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring
Vilttiltak Miljø og klima Grunneigarar, privatpersonar, kommunar, bedrifter og frivillige organisasjonar kan søkje om tilskot til praktiske vilttiltak, støtte til å løyse oppgåver, informasjonstiltak med meir. Skjemaet tilhøyrer Miljødirektoratet. Statsforvaltaren behandlar søknadene som gjeld artar det ikkje kan jaktast på.
Ø
Økonomisk status for person med verje Verjemål For verjer som skal sende inn økonomisk status for person med verje. (Skjema frå Statens sivilrettsforvaltning)