Klimaklokt landbruk

Kan skogen vere ein del av klimaløysinga?
Kan skogen vere ein del av klimaløysinga? Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

På denne temasida presentarar vi fagstoff og statistikk knytt til klima og klimatilpassing. Statsforvaltaren vil som kompetansesenter samle, oppdatere og formidle noko av kunnskapen innan området.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 20.06.2022

Redusert utslepp av klimagassar frå jordbruket i Vestland

Ein ny rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) viser at det er mogleg å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket i fylket utan å redusere matproduksjonen. Rapporten viser status og potensiale for reduksjon.


Publisert 10.06.2022

Ny nettside om klimatiltak i jordbruket

Jordbruket i Vestland har lansert ei ny nettside om klimatiltak i jordbruket. Det er prosjektet Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket som står bak nettsida.


Publisert 16.03.2022

Regjeringa ønskjer innspel om Bionova

Regjeringa har sett i gang arbeidet med å etablere ei ny finansieringsordning til støtte for klimatiltak i landbruket. Vi oppmodar næringsaktørar frå landbruket i Vestland om å kome med innspel i arbeidet.


Publisert 22.02.2022

Ny rettleiar for klimasmarte landbruksbygg

Å fornye bygningar er eit stort skritt for gardseigar og krev god planlegging. Bruk av trevirke er eit godt og klimavennleg val.


Publisert 15.12.2021

Klimakunnskap og klimaløysningar i landbruket

Det er i gang mykje forsking og arbeid for å redusere klimagassutsleppa i landbruket. Deltakarane fekk god informasjon om dette då bondelaget inviterte til webinar om nye klimaløysningar og ny klimakunnskap i næringa 6. desember.


Publisert 24.11.2021

Klimakalkulator og klimarådgjeving

Det norske landbruket er opptatt av å gjere drifta mest mogleg klimavenleg. Klimakalkulatoren og klimarådgjeving er to viktige hjelpemiddel for å redusere klimagassutslepp og binde karbon på den einskilde garden.


Publisert 12.07.2021

Landbruksdirektoratet lyser ut 17,2 mill. kroner til klima- og miljløprosjekt

Organisasjonar, forskingsinstitutt og føretak kan innan 15. september søke Landbruksdirektoratet om støtte frå Klima- og miljøprogrammet i landbruket.


Publisert 02.06.2021

Bruk av solenergi på garden

Fleire bønder på Vestlandet bør investere i solenergi. Eit webinar med dette som tema utløyste stor interesse over heile landet.


Publisert 17.03.2021

Vestland tek tak for klimaklokt landbruk

Vestland bondelag og partnarskapen i Vestland har starta eit prosjekt, der målet er å redusere klimaavtrykket frå landbruket samstundes som ein opprettheld den lokale matproduksjonen.


Publisert 01.12.2020, Sist endra 31.10.2022

Tilskot til klimatiltak i landbruket

Landbruksnæringa har forplikta seg til å redusere klimagassutsleppa og auke opptak av karbon i jorda med 5 millionar tonn CO2- ekvivalentar fram mot 2030. Det finst fleire tilskotsordningar for klimatiltak på garden.