Klimaklokt landbruk
På denne temasida presentarar vi fagstoff og statistikk knytt til klima og klimatilpassing. Statsforvaltaren vil som kompetansesenter samle, oppdatere og formidle noko av kunnskapen innan området.
Beiting i utmarka har ein verdi i klimasamanheng
I Vestland er det mykje god utmark med gras og urter som sauen, kyra og geita kan lage om til mat for oss menneske. Drøvtyggaren slepp ut metan som er ein klimagass, men den gjer òg noko som er bra for klimaet.
Publisert 07.08.2020
Kor og når vert karbon fanga i jord?
Ferske rapportar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), framhevar fangvekster og biokull i kulturar med open åker, som dei mest effektive verkemidla for karbonfangst i jordbruket. Langvarig eng gir også eit positivt bidrag, og stabiliserer nivået av organisk materiale i jord.
Publisert 04.08.2020
Karbonbinding i rett jordtype
Det er viktig å kjenne terrenget og landbruksjorda si for å kunne velje rett strategi i klimaarbeidet på ein gard. Karbonbinding i jord er sett på som ein positiv strategi for å redusere CO2-avtrykket frå jordbruket. I nokre tilfeller er det mest effektive tiltaket å hindre nedbryting av karbon, framfor å prøve å binde karbon i jorda på ein vestlandsgard.
Publisert 30.06.2020
Bioenergi frå skogen
Fotosyntesen er naturen si geniale løysing på fangst og lagring av karbon. Skog og skogbruk er difor viktig med tanke på utfordringar knytt til utslepp av klimagassar, og dermed òg kva energikjelder me nyttar.
Publisert 19.05.2020
Klima og klimagassar
Klima og vêr er ikkje det same. Vêr er det som er ute kvar dag, klima er gjennomsnittet av vêret over lang tid. Målingar gjort over tid av til dømes temperatur, nedbør og ismengde, viser at klimaet endrar seg. Middeltemperaturen på jorda har auka med ca. 10 C sidan førindustriell tid. Utslepp til luft av ulike gassar fører til miljøproblem som klimaendringar og forsuring.
Publisert 30.04.2020
Frå skogreising til avskoging til påskoging
Kva er status for skogen på Vestlandet? Kva er dei klimarelaterte konsekvensane? Og korleis påverkar skogen og skogbruket klimaet? Sju spørsmål, sju svar.