Landbruksdirektoratet lyser ut 17,2 mill. kroner til klima- og miljøprosjekt
Organisasjonar, forskingsinstitutt og føretak kan innan 15. september søke Landbruksdirektoratet om støtte frå Klima- og miljøprogrammet i landbruket.
Publisert 12.07.2021
Programmet støttar praktisk retta kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak som bidreg til å nå mål i landbrukspolitikken på fem temaområde innan klima og miljø:
- Klimatilpassing
- Klimagassutslepp
- Jord
- Naturmangfald og kulturverdiar i kulturlandskapet
- Forureining til vatn, jord og luft
Primært er det nasjonale problemstillingar som vert støtta, men regionale prosjekt kan få tilskot dersom prosjektet har stor overføringsverdi. Vi oppmodar aktørarar i Vestland til å gjere seg kjende med utlysinga og vurdere om dei har aktuelle satsingar. Her kan du sjå kva prosjekt som fekk støtte i 2020.