Jordbruksforvaltning

Aktuelt stoff og saksbehandling til kommunal forvaltning innen jordbruk, jordvern, kart, eiendom og arealforvaltning.


Publisert 24.03.2021

Nasjonal kulturlandskapspris

Du kan nå kome med forslag til kandidatar til Den nasjonale kulturlandskapsprisen for 2021. Kandidatane må ha gjort ein spesiell innsats for å take vare på og utvikle kulturlandskapa våre. 


Publisert 19.03.2021

Felleskjøpet tilbyr seg å hente gamal, brukt landbruksplast på garden i år

Landbruksplast på avvege er opphav til forureining og dårleg omdømme for næringa. Felleskjøpet tilbyr i år å hente gamal, brukt  plast på garden slik at transporten til godkjent mottak blir enklare for bonden.


Publisert 18.03.2021

Korleis stadfeste at utanlandsk personell som skal inn i grøntnæringa er knyt til kritiske samfunnsfunksjonar?

Grøntnæringa er inne i ei kritisk tid med tanke på arbeidskraft til oppal, utplanting og stell. Mangel på arbeidskraft kan føre til at areal som tidlegare er bruka til grønsaker, bær og potet, heller vert nytta til korn.


Publisert 18.03.2021

Jordbruksareal som vart bygd ned i 2020

Tala viser at Vestfold og Telemark bygde ned om lag 270 daa dyrka jord i 2020. Ser ein dette saman med den dyrkbare jorda, areal som er eigna til oppdyrking i framtida, ser ein at det totalt vert omdisponert 400 daa dyrka og dyrkbar jord i fylket i 2020. Trenden er stabil, men tala uroar likevel innanfor fleire av kommunane.


Publisert 12.03.2021

Endringar i fagsystemet Agros

Vedlagt følgjer ei oppdatering om endringar i søknads- og saksbehandlarsystemet Agros og informasjon om dei nye brukarrettleiingane:


Publisert 10.03.2021

Fagsystemet eStil-RMP er tilgjengeleg igjen

Melding frå Landbruksdirektoratet: "Nå er vi ferdig med å forberede hoved utbetalingen og eStil er i normal drift. Utbetalingene skal være på kontoen til kundene 12.03.2021"


Publisert 09.03.2021

Nye representantar for kommunane i arbeidsgruppa for RMP

Det har meldt seg fem kandidatar til å representera kommunane i arbeidsgruppa for RMP (regionalt miljøprogram). 


Publisert 05.03.2021

Jordvernpris 2021

Vi ber om forslag til kandidatar frå Vestfold og Telemark til nasjonal jordvernpris for 2021. Frist er 25. mars.


Publisert 04.03.2021, Sist endra 05.03.2021

Vannforvaltningsplan for Vestfold og Telemark 2022-2027 – høyring

Utkast til nye plandokument er lagt ut til høyring med frist 31. mai 2021. I samband med dette arrangerer Vannregion Vestfold og Telemark møter og webinarar.


Publisert 03.03.2021

Presentasjon kompetansesamling evaluering RMP-tilskot

Presentasjonen er lagt ut under kompetansesamlingar: