Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir


Publisert 22.12.2017

Nytt løyve til Henriksen Oljetransport AS

Fylkesmannen har endra vilkåra i løyve etter forureiningslova grunna finansiell sikring av anlegg for farleg avfall på eigedomen gnr/bnr 51/62 i Randaberg.


Publisert 22.12.2017

Nytt løyve til Soltin AS i Karmøy

Fylkesmannen har endra løyve til Soltin AS Storøy tankanlegg i Karmøy grunna finansiell sikring av anlegget for farleg avfall.


Publisert 22.12.2017

Nytt løyve til SAR AS som driv for CococoPhilips Skandinavia AS i Risavika

Fylkesmannen har endra vilkåra i løyve for farleg avfall ved Norsea-basen i Sola kommune. Endringa er grunna finansiell sikring av anlegget for farleg avfall.


Publisert 24.11.2017

Endra løyve for Ragn-Sells AS avd. Haugesund

Ragn Sells AS avd Haugesund har fått endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på anlegget i Sundvegen 466 i Karmøy kommune. Endringa er grunna krav om finansiell sikring for verksemda.


Publisert 22.11.2017

Etterkunngjering av løyve til Suldal Renovasjon AS

Suldal Renovasjon AS er gitt løyve til mottak og lagring av farleg avfall i konteinar på verksemda sin eigedom Gåsavikja 17 i Suldal kommune. 


Publisert 21.11.2017

Etterkunngjering av løyve til Soltin AS

Soltin AS, Storøy tankanlegg, har fått endra løyve grunna finansiell sikring av mottak og mellomlagring av farleg avfall ved verksemda i Karmøy kommune.


Publisert 21.11.2017

Etterkunngjering av løyve til SAR AS Oljeveien 5

SAR AS i Oljeveien 5 har fått endra løyve grunna finansiell sikring av mottak og mellomlagring av farleg avfall ved verksemda på Tananger i Sola kommune.


Publisert 21.11.2017

Etterkunngjering av løyve til SAR AS ved NorSea-basen

SAR AS avd Tananger - Dusavik har fått endra løyve grunna finansiell sikring av mottak og mellomlagring av farleg avfall ved verksemda på NorSea-basen i Sola kommune.


Publisert 21.11.2017

Etterkunngjering av løyve til SAR AS ved ASCO-basen

SAR AS avd. Tananger har fått endra løyve grunna finansiell sikring av mottak og mellomlagring av farleg avfall ved verksemda på ASCO-basen i Sola kommune.


Publisert 16.11.2017

Etterkunngjering av endra løyve til Maritime Waste Management AS

Maritime Waste Management AS i Dusavika har etter finansiell sikring fått endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall ved verksemda i Stavanger.