Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir


Publisert 02.02.2022

Etterkunngjering av endra løyve Stena Recycling AS avd Torvastad

Løyve etter forureiningslova er endra for verksemda til Stena Recycling AS avdeling Torvastad, i Karmøy kommune.


Publisert 06.01.2022

Etterkunngjering av endra løyve til Henriksen Oljetransport AS

Løyve etter forureiningslova er endra for farleg avfallsverksemda til Henriksen Oljetransport AS i Mekjarvik, Randaberg kommune.


Publisert 25.11.2021

Etterkunngjering av tidsgrensa løyve til SAR AS ved ASCO-basen

Statsforvaltaren har gitt SAR AS avd Tananger midlertidig løyve til å tanklagra meir farleg avfall frå offshore verksemd ved ASCO-basen i Risavika, Sola kommune.

 


Publisert 24.11.2021

Nytt løyve til Toraneset Miljøpark for farleg avfall

Statsforvaltaren har revidert løyve etter forureiningslova til Haugaland Interkommunale Miljøverk IKS (HIM) på Toraneset Miljøpark i Vindafjord kommune. Løyvet gjeld mottak, sortering og mellomlagring av farleg avfall frå hushald og næringsverksemd.


Publisert 23.09.2021

Etterkunngjering av endra løyve gitt Rogaland Gjenvinning AS

Løyve etter forureiningslova er endra for avfallshandteringshallen på Soma, Sandnes kommune.


Publisert 13.09.2021

Nye løyve gitt Borgaredalen Miljøpark

Borgaredalen Miljøpark i Karmøy kommune har fått nye løyve etter forureiningslova til avfallshandsamling. Det er gitt løyve til kompostering, slambehandling, drift av deponietappe 2, og avslutning og etterdrift av deponietappe 1.


Publisert 30.06.2021

Nytt løyve til Ragn-Sells AS avd Tankrenovasjon

Statsforvalteren har endra løyvet etter forureiningslova til Ragn-Sells AS sitt tankanlegg for farleg avfall i Førresfjorden, Tysvær kommune.


Publisert 28.06.2021

Etterkunngjering av forlengde løyve til Norscrap Karmøy AS

Statsforvaltaren forlenger mellombels løyve gitt Norscrap Karmøy AS i Karmøy kommune. Løyve gitt 12.09.2019 forlengast et år, ny sluttdato er 01.09.2022. 


Publisert 08.06.2021

Etterkunngjering av endra løyve til SAR tankanlegg Norseabase Tananger

SAR AS avd Tananger har fått endra løyve etter forureiningslova til avfallsanlegget på Norseabasen i Tananger, Sola kommune. Løyve gjeld mottak, sortering, og lagring av flytande avfall på tank.


Publisert 31.05.2021

Etterkunngjering av nye løyve til Dalane Miljøverk AS

Statsforvaltaren har gitt løyve etter forureiningslova til Dalane Miljøverk AS sine fire avfallsstasjonar i Dalane område.