Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir


Publisert 21.02.2023

Hove Bildeler AS har fått tillatelse til å behandle kasserte kjøretøy

Det er gitt tillatelse på visse vilkår til behandling av kasserte kjøretøy etter forurensingsloven og avfallsforskriften. Anlegget er plassert i Rekeland industriområde i Sokndal kommune.


Publisert 13.01.2023

Midlertidig endring av tillatelse

Geminor AS på Storøy i Karmøy, er gitt midlertidig tillatelse til kverning av avfallsbeholdere fram til 01.04.2023.


Publisert 11.01.2023

Nytt løyve til Hermod Teigen AS avd Tau for behandling av kasserte køyretøy

Hermod Teigen AS avd Tau har fått ny fast løyve etter forureiningslova. Verksemda kan behandla køyretøy, ta imot, sortere og lagra metallskrap og blybatteri på anlegget i Nordmarka industriområde, Strand kommune.


Publisert 22.12.2022

Hermod Teigen AS avd Egersund har fått ny tillatelse i tråd med Industriutslippsdirektivet og tilhørende BAT-konklusjoner

Fragmenteringsanlegget er lokalisert i Holeviga i Eigersund kommune.


Publisert 23.11.2022

Nytt løyve til Geminor AS i Egersund

Geminor AS har fått revidert løyve etter forureiningslova til avfallsanlegget på Kaupaneset i Eigersund kommune. Geminor AS kan ta imot og lagra treflis og restavfallsballar.


Publisert 23.11.2022

Endra løyve til Hermod Teigen AS avd Foss-Eikeland

Hermod Teigen AS har fått endra løyve etter forureiningslova til avfallsanlegget på Foss-Eikeland i Sandnes kommune.


Publisert 25.08.2022

Endra løyve til SAR AS Tananger på Asco-Basen

Statsforvaltaren har endra løyve til SAR AS avd Tananger på Asco-basen i Sola kommune etter søknad. 


Publisert 16.08.2022

Tillatelse til mottak av 12,9 tonn blanda avfall fra branntomt

Statsforvalteren har gitt Svaaheia Avfall AS tillatelse til mottak av 12,9 tonn blanda avfall etter brannen i en driftsbygning på Voll i Klepp kommune.


Publisert 11.05.2022

Midlertidig løyve til omlasting av metallskrap - Hermod Teigen AS avd Tau

Hermod Teigen AS avd Tau har fått midlertidig løyve til å ta imot, sortere og lagra metallskrap på anlegget tidlegare drifta av Norsk Gjenvinning AS avd Ryfylke.


Publisert 11.05.2022

Endra løyve til Rogaland Gjenvinning AS

Rogaland Gjenvinning AS har fått endra vilkår i løyve til avfallshandsamings på anlegget på Soma i Sandnes kommune.