Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir


Publisert 26.06.2017

Løyve til avfallsanlegg for plast i Vindafjord

Gangstø Transport AS er gitt løyve etter foureiningslova til vidare drift av avfallsanlegg for behandling av plast. Anlegget ligg i Vikebygd på eigedomen gnr/bnr 332/75 og 77 i Vindafjord.


Publisert 12.05.2017

Løyve til avvatningsanlegg for fett på industriområde Bjorhaugslettå 34

JTR Gruppen AS har fått løyve til avfallsanlegg med avvatningsanlegg for fett i container på eigedomen gnr. 23 bnr. 86 industriområde Bjorhaugslettå 34 i Hå kommune.


Publisert 03.04.2017

Etterhandskunngjering av løyve til Schlumberger Norge AS

Fylkesmannen har etter søknad endra løyet til mottak og mellomlagring av farleg avfall på NorSea-basen i Dusavik.


Publisert 03.04.2017

Etterhandskunngjering av løyve til Halliburton AS

Fylkesmannen har etter søknad gitt Halliburton AS, NorSea-base, Dusavik løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall.


Publisert 11.01.2017

Etterkunngjering av løyve til Franzefoss Gjenvinning AS

Franzefoss Gjenvinning AS avd. Forus sitt løyve etter forureiningslova er endra.


Publisert 06.01.2017

ASCO Norge AS avd Tananger har fått endra løyve

Løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall i Risavika Havnering 235, Sola kommune, er endra 05.01.2017. Endringa er grunna finansiell sikkerhet for verksemda.


Publisert 14.12.2016

Endra løyve for Norsk Gjenvinning AS i Stavanger kommune

Norsk Gjenvinning AS avd Stavanger har fått endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på anlegget i Gauselvågen i Stavanger kommune. Endringa er grunna finansiell sikkerhet for verksemda.


Publisert 09.12.2016

Innandørs avfallsanlegg i Boganesveien 48

Fylkesmannen aksepterar at Eltervåg Transport AS mottar, sorterer og mellomlagrar næringsavfall innandørs i Boganesveien 48 i Stavanger kommune.


Publisert 06.12.2016

Endra løyve for Norsk Gjenvinning AS i Sandnes kommune

Norsk Gjenvinning AS avd Sandnes har fått endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på anlegget ved Larsamyrå i Sandnes kommune. Endringa er grunna finansiell sikkerhet for verksemda.


Publisert 28.11.2016

Endra løyve for Norsk Gjenvinning AS i Strand kommune

Norsk Gjenvinning AS avd Ryfylke har fått endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på anlegget ved Tau i Strand kommune. Endringa er grunna finansiell sikkerhet for verksemda.