Økologisk landbruk

Oppdatert 20.12.2023

I økologisk produksjon blir det sett ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Økologisk landbruk kan bidra til å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig, fordi erfaringar frå økologiske driftsformer blir overførte til det konvensjonelle jordbruket.

I økologisk landbruk er målet å bruke dei lokale og fornybare ressursane på kvart gardsbruk og å bevare og forvalte det biologiske mangfaldet og kulturlandskapet. Det blir til dømes ikkje nytta kunstgjødsel eller kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, og regelverket avgrensar kor mange dyr som kan haldast på eit bestemt areal. Økologisk landbruk bidreg dessutan til auka matmangfald og at forbrukarane får tilgang til produkta dei ønskjer. Debio godkjenner og fører kontroll med den økologiske landbruksproduksjonen. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren har som oppdrag å vidareutvikle økologisk jordbruk som ein del av landbruket i fylket. Oppdraget er forankra i Nasjonal strategi for økologisk landbruk. Strategien har som mål å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurt i marknaden.

Frå 2020 har fylkeskommunen overtatt ansvar for å støtte utviklinga av økologisk landbruk gjennom forvaltning av tilskot til regionale tilretteleggingstiltak. Dette er midlar som kan tildelast kommunar, organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Einingsregisteret. Føretak registrert i Einingsregisteret kan også søkje dersom tiltaket har som mål å fremje fellesgode knytt til næringsutvikling.

Vis meir


Publisert 21.01.2013

Årets første nyheitsbrev

Her kan du lese nyheiter om økologisk landbruk i Rogaland.


Publisert 03.01.2013

Søknadsfrist - Handlingsplan for økologisk landbruk i Rogaland

Fristen for å søkje om midlar er 15. februar 2013. Midlane kan brukast til prosjekt i hele verdikjeda frå jord til bord for å auke produksjonen og omsetnaden av økologisk mat.


Publisert 13.09.2012

Server meir økologisk! – om økologisk mat i storhushald

Dagsseminar om korleis offentlege verksemder kan krevje økologiske matvarer. Det blir lagt opp til eit seminar med mykje dialog og mest mogleg relatert til konkrete utfordringar. Aktuelle tiltak og strategiar vil bli diskutert.


Publisert 13.08.2012

Ny utgåve: nyhendebrev for økologisk landbruk august 2012

Har du lyst å komme til open økologisk gard, moroe deg over "kokken og tosken", eller starte opp som lokalmatprodusent?


Publisert 19.04.2012

Brosjyre om salsstader for økologisk mat i Rogaland

No er det slutt på leitinga - brosjyren "kven-kva-kor" viser vegen til økologiske produkt i Rogaland.


Publisert 31.01.2012

Søknadsfrist midlar frå Handlingsplan for økologisk landbruk

Fristen for å søkje om midlar er 15. februar. Midlane kan brukast til prosjekt i heile verdikjeda frå jord til bord for å auke produksjonen og omsetnaden av økologisk mat.