Økologisk landbruk

Oppdatert 20.12.2023

I økologisk produksjon blir det sett ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Økologisk landbruk kan bidra til å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig, fordi erfaringar frå økologiske driftsformer blir overførte til det konvensjonelle jordbruket.

I økologisk landbruk er målet å bruke dei lokale og fornybare ressursane på kvart gardsbruk og å bevare og forvalte det biologiske mangfaldet og kulturlandskapet. Det blir til dømes ikkje nytta kunstgjødsel eller kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, og regelverket avgrensar kor mange dyr som kan haldast på eit bestemt areal. Økologisk landbruk bidreg dessutan til auka matmangfald og at forbrukarane får tilgang til produkta dei ønskjer. Debio godkjenner og fører kontroll med den økologiske landbruksproduksjonen. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren har som oppdrag å vidareutvikle økologisk jordbruk som ein del av landbruket i fylket. Oppdraget er forankra i Nasjonal strategi for økologisk landbruk. Strategien har som mål å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurt i marknaden.

Frå 2020 har fylkeskommunen overtatt ansvar for å støtte utviklinga av økologisk landbruk gjennom forvaltning av tilskot til regionale tilretteleggingstiltak. Dette er midlar som kan tildelast kommunar, organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Einingsregisteret. Føretak registrert i Einingsregisteret kan også søkje dersom tiltaket har som mål å fremje fellesgode knytt til næringsutvikling.

Vis meir


Publisert 19.10.2015

Nyheitsbrev for økologisk mat og landbruk i Rogaland

Hald deg oppdatert på kva som skjer innan økologisk!


Publisert 13.10.2015

Andelslandbruk - noko for deg?

Har du lyst å vite meir om andelslandbruk? Kom på ope møte torsdag 5. november i Aksdal!


Publisert 20.05.2015

Nyheitsbrev for økologisk mat og landbruk i Rogaland

Ivrige lesarar har lagt merke til at nyheitsbrevet ikkje kjem like hyppig som før. Grunnen er at facebooksida ”Økologisk Rogaland” har fleire og fleire følgjesvenner og vi legg mykje informasjon ut der. Vil du vere oppdatert, sjekk facebook – du treng ikkje å vere på facebook sjølv.


Publisert 04.05.2015

Hefte om salsstader for økologisk mat

Hefte om salsstader for økologisk mat i Rogaland har blitt for liten og kjem nå i større format. Det skjer mykje i Rogaland på omsetnadssida for tida, og fleire og fleire økologiske produsentar sel rett frå garden.


Publisert 08.01.2015

Vurderer du økologisk drift på garden? Bruk økologisk førsteråd!

Økologisk førsteråd er ope for alle interesserte, gjeld for alle produksjonar og er uforpliktande og gratis.


Publisert 06.01.2015

Fag- og inspirasjonssamling for økologisk landbruk 6.-7. februar 2015

Fag- og inspirasjonssamlinga er den årlege møtestaden i Rogaland for bønder med økologisk produksjon, forbrukarar, rådgjeving, forvaltning og andre som er interesserte i økologisk landbruk. I år skal vi vere på Kultubruket 44/4 på Bru.


Publisert 06.11.2014

Bangstart for andelslandbruk i Rogaland

Det som begynte med eit møte med uviss utgang slutta med at rundt halvparten av dei rundt 70 deltakarane fann den framtidige andelsgarden sin før dei skilde lag i går kveld.


Publisert 22.09.2014

Økologisk mat sel bra!

Omsetnad av økologiske varer i daglegvarehandelen auka med 30 % i fyrste halvår 2014. Salet gjennom andre kanalar auka med 20 %.


Publisert 03.06.2014

Tema-ark om plantevern i økologisk grønsaksproduksjon

Den norske produksjonen av økologiske grønsaker dekkjer ikkje auka etterspørselen. Mangelfull kunnskap om økologisk plantevern kan vere eit hinder for at fleire produserer økologisk.


Publisert 02.06.2014

"Brød og fisk"

… var temaet for den praktiske matlagingsdelen på økologisk matkurset for tilsette i barnehage og SFO på Karmsund vidaregåande skole.