Kommunestruktur

Oppdatert 02.01.2023

Noreg har 356 kommunar. Fastsetting og endring av kommunegrenser blir regulert av inndelingslova. 

Statsforvaltaren skal rettleie kommunar, folkevalde og private i spørsmål om inndelingslova og prosessane ved grenseendring og grensefastsetting.

Ved behov kan vi også hjelpe kommunar med å forhandle fram ein avtale om økonomisk oppgjer ved grensejustering eller deling.

Vi kan også gjere lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing eller deling er sett i gang. 

Vis meir

Internt satsingsområde 

Kommunebilete og kommunedialog er eit internt satsingsområde i embetet i 2022. Det er organisert ei arbeidsgruppe med representantar frå alle avdelingane som arbeider i eit nytt system med å få fram embete sin samla kunnskap om kommunane i Rogaland. 

Denne sida vert også nytta til å legge ut saker og informasjon om kommunestruktur, kommunegrenser og inndelingslova, som til dømes ved spørsmål om grensejusteringar.

Tidlegare har denne sida vert nytta i samband med kommunereforma.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 24.09.2014

Evaluering av friviljuge kommunesamanslåingar

Samanslåinga av Vindafjord og Ølen til ein kommune frå 1.1.2006 har hatt positive effektar, skreiv Telemarksforsking i ein rapport om fire friviljuge samanslåingar i perioden 2005-2008.


Publisert 24.09.2014

Tilbakeblikk på kommunestrukturen

I 2006 blei «gamle» Vindafjord og Ølen kommunar etter folkerøystingar slegne saman til «nye» Vindafjord. Dette var den første endringa i kommunestrukturen i fylket sidan endringane etter Schei-komiteen rundt 1965. Vi ser tilbake på kva som har skjedd på dette punktet sidan kommunalt sjølvstyre blei innført i 1837