Kommunestruktur

Oppdatert 02.01.2023

Noreg har 356 kommunar. Fastsetting og endring av kommunegrenser blir regulert av inndelingslova. 

Statsforvaltaren skal rettleie kommunar, folkevalde og private i spørsmål om inndelingslova og prosessane ved grenseendring og grensefastsetting.

Ved behov kan vi også hjelpe kommunar med å forhandle fram ein avtale om økonomisk oppgjer ved grensejustering eller deling.

Vi kan også gjere lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing eller deling er sett i gang. 

Vis meir

Internt satsingsområde 

Kommunebilete og kommunedialog er eit internt satsingsområde i embetet i 2022. Det er organisert ei arbeidsgruppe med representantar frå alle avdelingane som arbeider i eit nytt system med å få fram embete sin samla kunnskap om kommunane i Rogaland. 

Denne sida vert også nytta til å legge ut saker og informasjon om kommunestruktur, kommunegrenser og inndelingslova, som til dømes ved spørsmål om grensejusteringar.

Tidlegare har denne sida vert nytta i samband med kommunereforma.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 12.12.2014

– Det går ikkje over!

Kommunereform var tema på både 90- og 2000-talet, men det blei med snakket. Slik blir det ikkje denne gongen, påpeikte kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner på det såkalla Victoria-møtet 11. desember.


Publisert 01.12.2014

- Fleire oppgåver og meir ansvar

Ekspertutvalet for kommunereforma leverte i dag sluttrapporten til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Rapporten peiker på at større kommunar kan få både nye oppgåver og meir ansvar.

 


Publisert 27.11.2014

Kva blir forventa av kommunane?

Mange lokale og regionale prosessar er sette i gang i arbeidet med kommunereforma i Rogaland. Fylkesmannen ber om tilbakemelding om status i arbeidet innan 1. mars 2015.


Publisert 19.11.2014

Rapport: Vurder det regionale og kommunale nivået samla

Rogaland som ein del av eit storfylke på Vestlandet? Det er eitt av alternativa Møreforsking presenterer i ein ny rapport. Forskingsinstituttet kjem med eit klart råd om å ikkje halde på 19 fylke som i dag.


Publisert 11.11.2014

Fjernar uvisse om tilskot

Regjeringa har vedteke at inndelingstilskotet for kommunar som slår seg saman i kommunereforma, skal ta utgangspunkt i inntektssystemet slik det er i 2016.


Publisert 11.11.2014

Prosessrettleiaren

Tittelen seier kanskje ikkje all verda. Men jobben Anfinn Rosnes skal gjera er viktig. – Eg håper det kjem noko godt ut av prosessen, seier den ferske prosessrettleiaren for kommunereforma.


Publisert 21.10.2014

Kunnskap og erfaringar frå prosessar med kommunesamanslåing

Distriktssenteret har kartlagt 14 kommunesamanslåingsprosessar som er gjennomført i perioden 2000-2013. Sju av desse enda opp med kommunesamanslåing. Dei sju andre vart avslutta utan at det vart samanslåing. Rapporten har som mål  å presentera det dei meiner har særleg læringsverdi i kommunereformarbeidet som no skjer.


Publisert 03.10.2014

Nytt rundskriv om inndelingslova

I samband med oppstarten av kommunereforma har Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeidd eit nytt rundskriv (H- 8/14) til lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova).


Publisert 26.09.2014

Verktøykassen NY KOMMUNE er nå på plass

Utgreiingsverktøyet stiller saman utviklingstrekk og nøkkeltall for opp til ti kommunar samstundes. Løysninga skal hjelpa kommunane til å koma vidare i arbeidet med kommunereforma.


Publisert 26.09.2014

Arbeidet med kommunereform i full gang

Fylkesmannen er i gang med første runden med kommunane i fylket for å drøfta framtidig kommunestruktur. Det har vore møte i alle regionane bortsett frå Haugalandet, der det blir eit møte 3. oktober.