Kunngjering etter forureiningslova
Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta.
Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert.
Kunngjering av endra løyve- Kystverkets farledsutdjuping innseglinga til Florø
Statsforvaltaren endra 22. desember 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø knytt til utdjuping av farleia inn mot Florø hamn. Løyvet er gjeven til Kystverket.
Publisert 08.12.2023
Kunngjering av løyve til vedlikehaldsmudring for Solstrand Fjord Hotel AS
Statsforvaltaren gav den 8. desember 2023 løyve etter forureiningsforskrifta til vedlikehaldsmudring ved gnr./bnr. 66/17 i Bjørnafjorden kommune. Løyvet er gjeve til Solstrand Fjord Hotel AS.
Publisert 08.12.2023
Kunngjering av løyve etter forureiningslova til oppgradering av Fv. 614 Magnhildskartunnelen i Bremanger
Statsforvaltaren gav den 8. desember 2023 løyve til anleggsarbeid knytt til oppgradering av Fv. 614 Magnhildskartunnelen i Bremanger kommune. Løyvet er gjeve til Vestland fylkeskommune.
Publisert 06.12.2023
Kunngjering av løyve til Norscrap West AS på Hanøytangen
Norscrap West AS har 20. november 2023 fått endra løyve til avfallsanlegg på Hanøytangen i Askøy kommune.
Publisert 16.11.2023
Kunngjering om nytt mellombels løyve til avfallsbehandling i Høyanger
Vest Resirkuleringssenter AS har 14. november 2023 fått løyve etter forureiningslova til avfallsbehandling i Høyanger næringspark.
Publisert 03.11.2023
Kunngjering løyve anleggsarbeid i sjø - bygging av Ytre Steinsund bru i Solund kommune
Statsforvaltaren gav den 3. november 2023 løyve til anleggsarbeid i sjø for etablering av Ytre Steinsund bru i Solund kommune. Løyvet er gjeve til Vestland fylkeskommune
Publisert 27.10.2023
Kunngjering av utsleppsløyve til Forevatnet vassverk
Sveio kommune fekk 27. oktober 2023 løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av drikkevatn ved Forevatnet vassverk.
Publisert 13.10.2023
Kunngjering av løyve til anleggsarbeid for Bordalen kraftverk i Etne
Kraftpartnar AS fekk 12. oktober 2023 løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunneldrivevatn i samband med bygging av Bordalen kraftverk i Etne kommune.
Publisert 09.10.2023
Kunngjering av løyve for anleggsarbeid i sjø - Øygarden kommune - Rv. 555 Sotrasambandet
Statens vegvesen fekk 9. oktober 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider i sjø i Bildøystraumen og Straumsundet i Øygarden kommune. Løyvet gjeld arbeid i samband med etablering av ny Rv. 555 Sotrasambandet.
Publisert 06.10.2023
Kunngjering løyve til anleggsarbeid i sjø - etablering av landfall Yggdrasil prosjektet
Statsforvaltaren gav den 4. oktober 2023 løyve til anleggsarbeid i sjø for etablering av landfall i Samnanger og Fitjar kommune. Prosjektet skal forsyne Yggdrasil-området med straum frå det nasjonale straumnettet på land. Løyvet er gjeve til Aker BP.
Kontaktpersoner
-
Sissel Storebø
Tlf: 55 57 23 17 / 92 82 78 65