Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 03.04.2024

Kunngjering av løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn i Myrkdalen

Voss herad fekk 22. mars 2024 løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Myrkdalen tettbygde område.


Publisert 22.03.2024

Kunngjering endra løyve anleggsarbeid i sjø - Ospeviki i Samnanger for Aker BP

Statsforvaltaren endra 22. mars 2024 løyvet til Aker BP for anleggsarbeid i sjø knytt til landfall Ospeviki i Samnanger kommune. Formålet med prosjektet er å forsyne Yggdrasil-området med straum frå  Statnetts transformatorstasjon i Børdalen i Samnanger


Publisert 20.03.2024

Kunngjering av løyve til Oddvar Flatebø Maskinutleie AS

Oddvar Flatebø Maskinuleie AS har fått løyve etter forureiningslova til mottak av brukt asfalt på industriområdet på Tongane i Etne kommune på gards- og bruksnummer 32/191.


Publisert 18.03.2024

Kunngjering av løyve til tiltak i sjø i Bømlo kommune for Vestland fylkeskommune

Statsforvaltaren i Vestland gav løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø til Vestland fylkeskommune. Formålet med tiltaka er renovering av fylkesvei 541 Sakseidet - Hestaneset. 


Publisert 04.03.2024

Kunngjering av oppdatert løyve til SAR AS AVD FLORØ

SAR AS AVD FLORØ har 23. februar 2024 fått oppdatert løyve etter forureiningslova til mottak og lagring av farleg avfall i tankanlegget på Fjordbase i Florø i Kinn kommune. 


Publisert 04.03.2024

Kunngjering endra løyve anleggsarbeid delprosjekt A9 Stiavatnet Rv. 555 Sotrasambandet

Statsforvaltaren endra 4. mars 2024 løyvet til Statens vegevesen for delprosjekt A9 Stiavatnet i Bergen kommune. 


Publisert 28.02.2024

Kunngjering løyve til utfylling i sjø - Nøstet Bergen for Nøstet Sjøfront AS og Nøstegaten 72-74 AS

Statsforvaltaren gav 28. februar 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø utanfor bgr. 165, bnr. 574 m fl på Nøstet i Bergen kommune. Løyvet er gjeven til Nøstet Sjøfront AS of Nøstegaten 72 - 74 AS.


Publisert 12.02.2024

Kunngjering av løyve til gjenbruk av massar i trafikkareal - Mustadvatnet Øygarden

Statsforvaltaren ga 9. februar 2024 løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen. Løyvet regulerer gjenbruk av lettare forureina massar i vegkropp/trafikkareal for etablering av Rv. 555 Sotrasambandet. Massane kjem frå nedtapping av Mustadvatnet og skal plasserast på gnr/bnr 41/34, 40/111 mfl. 


Publisert 06.02.2024

Kunngjering av løyve til mudring og utfylling i sjø ved Eikefjord

Statsforvaltaren ga 6. februar 2024 løyve etter forureiningslova til Vestland fylkeskommune. Løyvet regulerer forureining frå mudring og utfylling i sjø ved Eikefjord i Kinn kommune.


Publisert 31.01.2024

Kunngjering av løyve til Sogn Kabelgjenvinning AS

Sogn Kabelgjenvinning AS har 29. januar 2024 fått løyve til avfallsanlegg i Lærdal kommune.