Kunngjering av løyve etter forureiningslova til oppgradering av Fv. 614 Magnhildskartunnelen i Bremanger

Utsikt mot nord frå nordre tunnelopning- Myklebustdalen

Statsforvaltaren gav den 8. desember 2023 løyve til anleggsarbeid knytt til oppgradering av Fv. 614 Magnhildskartunnelen i Bremanger kommune. Løyvet er gjeve til Vestland fylkeskommune. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.12.2023

Informasjon

Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Det er også lagt inn andre relevante dokument/rapportar tilhøyrande søknaden.   

Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2023/15342.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.