Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 20.11.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeider ved Apeltunvassdraget knytt til utviding av sykkelvegbru i Bergen kommune

Statsforvaltaren i Vestland gav 20. november 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i nærleiken av Apeltunvassdraget i Bergen kommune. Formålet med tiltaket er utviding av sykkelvegbru som går parallelt med Osbanen. 


Publisert 18.11.2024

Kunngjering av løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Fjaler kommune

Bue Salmon AS har 18. november 2024 fått løyve etter forureiningslova til etablering av landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Lutelandet. 


Publisert 08.11.2024

Kunngjering av løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Kvassneset avløpsreinseanlegg i Alver kommune

Alver kommune fekk 7. november 2024 løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Knarvik tettbygde område.


Publisert 29.10.2024

Kunngjering av løyve til oppdrett av kveite på lokaliteten Skjelevika i Austevoll kommune

Austevoll Rensefisk AS fekk 23.10.2024 utsleppsløyve til oppdrett av stamfisk og yngel av kveite på lokaliteten Skjelevika i Austevoll kommune.


Publisert 15.10.2024

Kunngjering av løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn og avrenning frå massedeponi - Bjølvo kraftverk i Kvam herad for Statkraft Energi AS

Statsforvaltaren gav 15. oktober 2024 Bjølvi kraftverk løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn og avrenning frå massedeponi i Kvam herad. Formålet er å rehabilitering av Bjølsegrøvatn dam. 


Publisert 14.10.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø og undervassprenging ved Brevika i Bremanger kommune for Breikvika Eigedom AS

Statsforvaltaren i Vestland gav 14. oktober 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø ved Brevika i Bremanger kommune for Breivika Eigedom AS. Formålet med tiltaket er å utvida industriareal og sprenging av sjøbotnen for å sikre geoteknisk stabilitet. 


Publisert 09.10.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø ved Grunnavågen i Stord kommune for Waage Anlegg AS

Statsforvaltaren i Vestland gav 4. oktober 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø ved Grunnavågen i Stord kommune for Waage Anlegg AS. Formålet med tiltaket er å utvida landområde. 


Publisert 03.10.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i elv og på land til å etablere Elveparken for Bergen kommune

Statsforvalteren i Vestland gav 3. oktober 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i Møllendalselva og på land for å etablere Elveparken. 


Publisert 27.09.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø i Eidfjord sentrum for Eidfjord kommune

Statsforvaltaren i Vestland gav 27. september 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø i Eidfjord sentrum til Eidfjord kommune. Formålet med tiltaket er å etablera eit nytt torg ein ny sjøpromenade og forlenge eksisterande kai.


Publisert 23.09.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø for Nøstet sjøfront AS Bergen kommune

Satsforvaltaren gav 23. september 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø utanfor gnr./bnr. 165/1133, 165/581 m fl på Nøstet i Bergen kommune. Løyvet er gjeven til Nøstet Sjøfront AS