Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.06.2024

Kungjering av løyve til utfylling i sjø - Domstein næringsområde i Kinn kommyne

Domstein AS fekk 28. juni 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å utvide Domstein næringsområde i Ulvesundet. 


Publisert 26.06.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Skårastranda næringsområde i Kinn kommune

Skårastranda AS fekk 26. juni 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å utvide Skårastranda næringsområde i Ulvesundet. 


Publisert 24.06.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Byrknesøy i Gulen for SIL Eiendom

SIL Eiendom AS fekk løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø 24. juni 2024. Formålet med utfyllinga er å etablere fundament for hotell, svømmebasseng og kai i samsvar med reguleringsplan for området. 


Publisert 24.06.2024

Kunngjering av endra løyve- Kystverkets farledsutdjuping innseglinga til Florø

Statsforvaltaren endra 24. juni 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø knytt til utdjuping av farleia inn mot Florø hamn. Løyvet er gjeven til Kystverket.


Publisert 24.06.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - utviding av Flåm cruisekai for etablering av landstraum

Aurland Hamnevesen KF fekk 24. juni 2024 løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Føremålet med tiltaket er å utvide Flåm cruisekai for å tilretteleggja for landstraum til cruiseskipa.


Publisert 24.06.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Lesto næringsområde i Stad kommune

Kystverket fekk 24. juni 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere Lesto næringsområde i Moldefjorden. 


Publisert 20.06.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø -Svanøy Havbruk i Kinn kommune

Svanøy Havbruk fekk løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø 20. juni 2024. Formålet med tiltaket er å utvide landarealet på anlegget i Svanøybukta basert på utfylling i sjø, gnr/bnr 117/42 i Kinn kommune


Publisert 19.06.2024, Sist endra 28.06.2024

Kunngjering av løyve til avfallsanlegg for Envir AS i Simonsviken, Bergen

Det nye løyve gir verksemda lov til å vaske forureina massar og erstattar tidlegare løyve.


Publisert 18.06.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - Sævareid Fiskeanlegg i Bjørnafjorden kommune

Sævareid Fiskeanlegg fekk 17. juni 2024 løyve til anleggsarbeid i elv og sjø. 


Publisert 17.06.2024

Kunngjering - Løyve til forureining frå to akvakulturanlegg i Austevoll kommune

Lerøy Ocean Harvest AS har 10. juni 2024 fått to nye løyve etter forureiningslova til etablering av akvakulturanlegg for makroalgar på lokalitetane Erholmen og Håviksflu.