Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 19.01.2023

Kunngjering av endra løyve anleggsarbeider i sjø - Sandviksbodene Bergen kommune

Bergen kommune fekk 19. januar 2023 endra sitt løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø knytt til etablering av nye kaiar ved Kystkultursenteret i Sandviken. 


Publisert 16.01.2023

Kunngjering av løyve til utslepp frå vassbehandlingsanlegg i Kinn kommune

Kinn kommune fekk 20. desember 2022 utsleppsløyve for utslepp frå Eikefjord vassbehandlingsanlegg.


Publisert 08.12.2022

Kunngjering om endra løyve til Tenden Miljø AS

Tenden Miljø AS har 5. desember fått endra løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegget i Stryn næringspark. 


Publisert 25.11.2022

Kunngjering om endra løyve til Norsk Gjenvinning AS avd. Førde

Norsk Gjenvinning AS avd. Førde har 24. november 2022 fått endra løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg på Øyrane.


Publisert 09.11.2022

Kunngjering om løyve etter forureiningslova til Westland Waste AS

Westland Waste AS har 8. november fått løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg i Sløvåg. 


Publisert 09.11.2022

Kunngjering om endra løyve til Heiane omlasteanlegg i Stord

Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM IKS) har 9. november 2022 fått endra løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg.


Publisert 02.11.2022

Kunngjering av løyve etter forureiningslova til akvakulturanlegg i Stad kommune

Statt Torsk AS har 28. oktober 2022 fått løyve etter forureiningslova til å etablere oppdrettsanlegg for produksjon av torsk på lokaliteten Apalset.


Publisert 07.10.2022

Kunngjering av løyve til forureining frå slakting av oppdrettsfisk i Bømlo kommune

Hardanger Fiskeforedling AS får løyve etter forureiningslova til eit oppgradert slakteri for laks og aure i Langevågen Fiskerihamn. 


Publisert 07.10.2022

Kunngjering om løyve til mudring i Kinn kommune

Kystverket fekk 6. oktober 2022 løyve etter forureiningslova til mudring i innseglinga til Florø i Kinn kommune.


Publisert 06.10.2022

Kunngjering om utvida løyve til avfallsanlegg på Mongstad

RGS Nordic AS har 5. oktober 2022 fått utvida løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg på Mongstad.