Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 20.08.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at dei offentlege skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing.

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir

snarveg

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 18.02.2019

Klagebehandling standpunktkarakterar i grunnskulen 2019

Alle elevar kan klage på standpunktkarakterar og på vedtak om å ikkje setje standpunktkarakter. 


Publisert 12.02.2019

Fellessensur i grunnskulen og vidaregåande opplæring våren 2019

Datoar for fellessensur er klare.


Publisert 04.02.2019

Lærarspesialistordninga

Fylkeskommunar, kommunar og private skuleeigarar kan søkje om å delta i vidare utprøving av ordninga med funksjon som lærarspesialist.


Publisert 23.01.2019

Fleire får læreplass

Det er markant auke i tal elevar som søkjer og får læreplass over heile landet. Sogn og Fjordane er eitt av fylka som peikar seg positivt ut.


Publisert 16.01.2019

Klage på hausteksamen

Fylkesmannen i Vestland vil gjennomføre klagebehandling 13. og 14. februar 2019 for dei faga vi har ansvar for etter sentralgitt eksamen i vidaregåande opplæring hausten 2018.