Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 20.08.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at dei offentlege skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing.

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir

snarveg

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 26.03.2020

Alle eksamenar er avlyst

25. mars bestemte regjeringa å avlyse alle skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn. Alle skriftelege eksamenar i vidaregåande skule er òg avlyst. Sjølv om eksamen er avlyst vil elevane få vitnemål.


Publisert 25.03.2020

Fleire søkjer yrkesfag i Vestland

Søkjartala til vidaregåande opplæring er klare, og tendensen er at fleire søkjer yrkesfag no enn tidlegare. Særleg positivt er det å sjå at det er jentene som står for ein stor del av denne auken.


Publisert 24.03.2020

Stor interesse blant lærarar i Vestland for vidareutdanning kommande skuleår

Skuleeigarane har godkjent 917 søknader frå lærarar som ynskjer vidareutdanning. Utdanningsdirektoratet vil fram til 30. april behandle og eventuelt godkjenne søknadane. 


Publisert 24.03.2020

Informasjon til friskulane om koronasituasjonen

Alle friskular og skular godkjent etter voksenopplæringslova kap. 4 har fått eit brev med avklaringar på ein del sentrale problemstillingar knytt til at skulane må halde stengt.


Publisert 23.03.2020

Barn som bur i utrygge heimar skal framleis få tilbod om barnehage, skule eller anna dagtilbod

Barn under omsorg av foreldre med psykisk liding og/eller rusliding skal framleis få tilbod om barnehage, skule eller anna dagtilbod.


Publisert 20.03.2020

Avklaringar som gjeld opplæring og tilbod til elevar med særlege omsorgsbehov

Utdanningsdirektoratet har svart på spørsmål om opplæring og tilbod til elevar med særlege behov.


Publisert 20.03.2020

Har du forslag til endringar i regelverket om vurdering i grunnopplæringa?

Utdanningsdirektoratet har sendt på høyring fire ulike høyringsnotat som dei ønskjer innspel på.


Publisert 20.03.2020

Kartleggingsprøvene på 1.– 4. trinn

Gjennomføringsperioden er endra til 9. mars - 30. april.


Publisert 19.03.2020

Tilbod til barn opp til 12 år

Tilbodet for barn med føresette i kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdkritisk oppgåve, skal vere for barn opp til 12 år.


Publisert 18.03.2020

Skule- og barnehagetilbod til barn av føresette med kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdkritisk oppgåve

Tilbod når føresette har kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdkritisk oppgåve.