Skogbruksforvaltning
Aktuelt stoff og saksbehandlingshjelp til kommunal forvaltning innen skogbruk.
Forskrift om ekstraordinært tilskot til planting i skog er fastsett
Landbruks- og matdepartementet fastsette i går, torsdag 16. april, ei midlertidig forskrift om tilskot for planting av skogplanter våren 2020. Ordninga skal kompensere for auka kostnadar til utplanting som følgje av koronaviruset og på den måten sikre at alle produserte plantar vert satt ut.
Publisert 17.04.2020
Foryngingskontroll i skogbruket 2020 - kommunalt ansvar
Vi syner til brevet frå Landbruksdirektoratet om foryngingkontroll i skogbruket 2020 som ligg ved. Kommunane har ansvar for kontroll av forynging etter hogst, jf. §§ 6 og 20 i skogbrukslova. Forskrift om berekraftig skogbruk § 15 første og andre ledd gjeld og kommunane sitt ansvar i slike saker.
Publisert 14.04.2020
Feilmelding ØKS
Vi har fått melding om at mange får feilmelding då dei stadfestar godkjenning av utbetaling frå skogfond. Feilmeldinga gjeld alle utbetalingar til annan betalingsmottakar.
Publisert 03.04.2020
Resultatkartlegging av miljø og skogbrukstiltak 2020
I går blei det sendt brev til alle kommunane i Vestfold og Telemark om resultatkartlegging 2020. Vi syner også til brevet frå Landbruksdirektoratet om resultatkartlegging miljø og skogbrukstiltak 2020.
Publisert 27.03.2020
Overføring av ekstra midlar 2020 til skogsvegar, drift med taubane, hest o.a.
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har pr. 25.03.2020 motteke 5 søknader om behov for økt ramme for overføring av tilskot til skogsvegar, drift med taubane o.a. i tillegg til tidlegare overført ramme.
Publisert 25.03.2020
Skatteendring for skogeigarar som ikkje er mva.-pliktige
Skattedirektoratet har kome fram til at skogeigarar som ikkje har plikt til å betale meirverdiavgift (kapitalskogeigarar) har rett til bruk av skogfond med skattefordel også på den delen av kostnaden som er meirverdiavgift. Dette inneber endring av tidlegare praksis.
Publisert 25.03.2020
Oppgradering av ØKS og status rapportar
Landbruksdirektoratet har gjennomførd ei oppgradering av ØKS. Det var i hovudsak feilretting av somme mindre feil som kom på plass, men det var også enkelte forbetringar, sjå under:
Publisert 16.03.2020
Kapitalskattlagd skogeigar skal ha skattefordel på meirverdiavgift som blir dekt med skogfond
Informasjon frå Skogkurs: Den nyaste Skatte-ABC slår fast at skogeigarar som ikkje er meirverdiavgiftspliktige, såkalla kapitalskogeigarar, har rett på bruk av skogfond med skattefordel også på meirverdiavgiftsdelen av kostnaden!
Dette er det motsette av det som til no er praktisert.
Publisert 10.03.2020
ØKS - Virkesdata/forsending 2020-3
Virkesdata/ forsending 2020-3 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning.
Publisert 04.03.2020
Informasjon om fordeling av midlar til kommunane til skogsvegar, taubane o.a. for 2020 - tilleggsløyvingar, omdisponeringar o.a.
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har fordelt 5,2 mill. kr til kommunane for 2020, jf. brev datert 28.01.2020. Resten av midlane, kr 2,1 mill. kr, blir fordelt til kommunar som melder inn ekstra behov i løpet av 2020.