Skogbruksforvaltning

Aktuelt stoff og saksbehandlingshjelp til kommunal forvaltning innen skogbruk.


Publisert 12.02.2021, Sist endra 15.02.2021

Skogfond - årsoppgave for 2020 skal sendast ut på nytt

Landbruksdirektoratet har vedtatt å tilbakestille og produsera nye kontoutskrifter for 2020, der tilvisningane til næringsoppgåve m.m. er med. Statsforvaltaren vil sende ut nye kontoutskrifter til Altinn neste veke (med unntak for nokre kommunar).


Publisert 08.02.2021

Rettleier for risikobasert kontroll av tilskot og utbetalingar frå skogfond

Det er no laga ein versjon av denne rettleiaren tilpassa dei nye nettsidene.


Publisert 03.02.2021

Klimatiltak i skog – tilskotssatsane for 2021 er fastsett

Det er løyvd 29,04 millioner kroner i sentral ramme til tettare planting ved forynging etter hogst, suppleringsplanting og gjødsling av skog i 2021.


Publisert 29.01.2021

Tilskot til skogkultur og skogsvegar, taubane o.a. er no fordelt til kommunane i ØKS

Landbruksdirektoratet har nå lagt inn i ØKS (økonomisystem for skogordningane) tildelinga til Vestfold og Telemark for ordningane innan nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) med tilskot til skogkultur og skogsvegar, taubane o.a.. Statsforvaltaren har samstundes fordelt midlane for desse ordningane til kommunane i fylket i samsvar med tildelingsbrev 22.01.2021 herifrå til kommunane.


Publisert 20.01.2021

Skogfond

Informasjon om skogfond og kontoutskrift:


Publisert 18.01.2021

Satellittovervaking av skogskadar

Tørken i 2018 skaper framleis utfordringar for skogbruket med billeangrep og skogdød. Satellitt-overvaking kan gje tidleg og nøyaktig informasjon om utbreiing av skadane.


Publisert 14.01.2021

Kompetansesamling 19. januar - tildeling av tilskot - skogbruk

Statsforvaltaren ønsker å diskutere skogordningane med kommunane i teamsmøte tirsdag 19. januar kl.12:00


Publisert 14.01.2021

Stor etterspurnad etter tilskot for å oppretthalde hogst i Vestfold og Telemark som følge av koronapandemien

For å sikre oppdrag til hogst-entreprenørar og dermed oppretthalde sysselsetjinga da Covid-19 braut ut, blei det lansera eit eige tilskot til skogsdrifter med høge driftskostnader. Vi har opplevd stor interesse for dette tilskotet i Vestfold og Telemark.


Publisert 08.01.2021

ØKS - Virkesdata/forsending 2021-1

Virkesdata/ forsending 2021-1 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning. Kommunane må godkjenne ekspederinga så fort som mogeleg.


Publisert 05.01.2021

Viktig informasjon om skogfondet for nytt år

Her kjem litt informasjon om skogfond på nyåret: