Plan- og bygningsrett

Oppdatert 20.12.2023

Det er kommunane som har ansvar for arealplanlegging og gir byggjeløyve innanfor kommunegrensene. Kommunal- og distriktsdepartementet er øvste plan- og bygningsstyresmakt. Statsforvaltaren er klageinstans i byggjesaker og saker som gjeld reguleringsplanar.  

Klage på byggjesaker og reguleringsplanar

Som klageinstans skal Statsforvaltaren medverke til å sikre at bygningspolitiske mål i lover, forskrifter og arealplanar etterlevde på best mogleg måte. Statsforvaltaren skal likevel òg leggje vekt på det kommunale sjølvstyret.

Kven kan klage?

Tiltakshavar, naboar og andre som har klagerett, kan klage på kommunens vedtak i byggje- og reguleringssaker. Klaga skal sendast til kommunen. Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket sitt, blir saka send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Saksbehandlingstid

Statsforvaltaren skal prioritere saker der ei klage fører til utsett iverksetjing av eit vedtak. Desse sakene skal behandlast innan 6 veker. I andre tilfelle skal Statsforvaltaren prioritere sakene etter kor viktige dei er for den enkelte og samfunnet. Saksbehandlingstida skal ikkje vere meir enn 3 månader.  

Statsforvaltarane registrerer plan- og bygningssaker i eit eige system. På denne sida kan du sjå saksbehandlingstider og tal saker vi er på etterskot med.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 11.07.2017

Reglar for refusjon og utbyggingsavtalar i plan- og bygningslova

Fylkesmannen har på vegner av Sandnes kommune bede Kommunal- og moderniseringsdepartementet avklara reglane for refusjon i plan- og bygningslova. 


Publisert 21.11.2016

Presentasjonene fra byggesakskonferansen

Vi takkar for den gode deltakinga på byggjesakskonferansen 10. november. Presentasjonane frå samlinga finn de under.


Publisert 08.12.2015

Enklare å byggje om og leige ut eigen bustad frå nyttår

Det blir enklare å byggje om og leige ut eigen bustad frå 1. januar 2016.
Konkret blir det nå gitt unntak frå fleire tekniske krav når bustadeigar til
dømes ønskjer å bruksendre kjellar til stue eller ei bod til eit soverom.


Publisert 28.10.2015

Planstrategi og kommunereform heng saman

Nå er nye kommunestyre på plass og arbeidet med kommunal planstrategi står snart på sakslista. Det er viktig at prosessen med planstrategi blir sett i samanheng med kommunereforma.


Publisert 20.03.2015

Snart kan du byggja meir utan å søkja

Det skal bli enklare for folk å byggja på eigen eigedom utan å måtta søkja. Kommunen slepp dermed å bruka ressursar på mindre byggjeesaker. Reglane trer i kraft 1. juli 2015.


Publisert 15.12.2014

Fylkesmannen si høyringsfråsegn – revisjon av eierseksjonslova – NOU 2014:6

Regjeringa har oppnemnt eit utval for å vurdere revisjon av eierseksjonslova


Publisert 05.02.2014

Oversendingsbrev og dokumentsjekkliste for klagesaker

Fylkesmannen har no ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på under 12 veker for klagesaker etter plan- og bygningslova. For å sikre fortsatt rask og god behandling har Fylkesmannen utarbeidd eit eksempel på oversendingbrev og sjekkliste som kommunane kan nytte ved oversending av klagesaker til Fylkesmannen.


Publisert 03.06.2013

Føredraga frå byggjesakskonferansen 31. mai

Fylkesmannen hadde ein byggjesakskonferanse for kommunane 31. mai på Hotell Alstor. Lysarka kan lastast ned her.