Plan- og bygningsrett

Oppdatert 20.12.2023

Det er kommunane som har ansvar for arealplanlegging og gir byggjeløyve innanfor kommunegrensene. Kommunal- og distriktsdepartementet er øvste plan- og bygningsstyresmakt. Statsforvaltaren er klageinstans i byggjesaker og saker som gjeld reguleringsplanar.  

Klage på byggjesaker og reguleringsplanar

Som klageinstans skal Statsforvaltaren medverke til å sikre at bygningspolitiske mål i lover, forskrifter og arealplanar etterlevde på best mogleg måte. Statsforvaltaren skal likevel òg leggje vekt på det kommunale sjølvstyret.

Kven kan klage?

Tiltakshavar, naboar og andre som har klagerett, kan klage på kommunens vedtak i byggje- og reguleringssaker. Klaga skal sendast til kommunen. Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket sitt, blir saka send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Saksbehandlingstid

Statsforvaltaren skal prioritere saker der ei klage fører til utsett iverksetjing av eit vedtak. Desse sakene skal behandlast innan 6 veker. I andre tilfelle skal Statsforvaltaren prioritere sakene etter kor viktige dei er for den enkelte og samfunnet. Saksbehandlingstida skal ikkje vere meir enn 3 månader.  

Statsforvaltarane registrerer plan- og bygningssaker i eit eige system. På denne sida kan du sjå saksbehandlingstider og tal saker vi er på etterskot med.

Vis meir


Publisert 23.06.2020

Webinar i plan- og byggesak til høsten

Fylkesmannen inviterer kommunene til webinar innenfor plan- og byggesak onsdag 23. september.


Publisert 04.05.2020

Statistikk 2019 - klagesaker etter plan- og bygningsloven

Fylkesmannen har utarbeida statistikk som viser talet på klagesaker som blei behandla i 2019, og kor stor del av klagane som blei tatt til følge i dei einskilde kommunane. I fylket sett under eitt ga vi medhald til klagarane i 18 prosent av sakene (i 2018 vart talet 19 prosent).


Publisert 17.10.2019

Sivilombodsmannen har vurdert Fylkesmannen sin dispensasjonspraksis

Sivilombodsmannen har nyleg kome med ein uttale etter ein gjennomgang av Fylkesmannen sin dispensasjonspraksis i ein rekkje saker. Konklusjonen er at fleirtalet av vedtaka er grundige og gode, sjølv om det òg er rom for forbetringar.


Publisert 29.05.2019

Planendring etter forenkla prosess - krav om høyring

Fylkesmannen har stilt krav om at statlege og regionale myndigheiter skal ha høve til å uttala seg i saker om endring av reguleringsplan etter pbl. § 12-14 der endringa legg til rette for fortetting/økt utnytting i etablerte bustadområde.


Publisert 16.05.2019

Pålegg om opphøyr av bruk må rettast til rett ansvarleg

Fylkesmannen oppheva Klepp kommune sitt pålegg om opphøyr av vidare bruk av ein driftsbygning. Fylkesmannen var einig med kommunen i at bruken på tidspunktet for pålegget var søknadspliktig, og i strid med gjeldande løyve. Fylkesmannen oppheva likevel vedtaket fordi pålegget var sendt til feil ansvarleg.

Statsforvaltaren finn nå ut frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine nye uttalar at det nå er opna for at «eigar» kan identifiserast som ansvarleg, som det kan rettast pålegg om opphøyr av ulovleg bruk mot, òg når ein annan har ein privatrettsleg rett til bruk.


Publisert 28.01.2019

Statistikk 2018 - klagesaker etter plan- og bygningsloven

Fylkesmannen har utarbeida statistikk som viser talet på klagesaker som blei behandla i 2018, og kor stor del av klagane som blei tatt til følge i dei einskilde kommunane. I fylket sett under eitt ga vi medhald til klagarane i 19 % av sakene.


Publisert 03.05.2018

Kommuneplanføresegner om byggegrense mot sjø

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har kome med ein uttale som avklarar i kva grad ein kan nytte kommuneplanføresegner til å gi byggegrenser mot sjø.


Publisert 04.04.2018

Statistikk 2017 – klagesaker etter plan- og bygningsloven

Fylkesmannen presenterer statistikk som viser antallet klagesaker vi behandlet i 2017, og hvor stor medholdsprosenten i de enkelte kommunene var. I fylket sett under ett ga vi medhold til klagerne i 19,6 % av sakene.


Publisert 23.02.2018

Kommunal- og moderniseringsdepartementet opphevar Fylkesmannen sitt vedtak

Fylkesmannen si stadfesting av Finnøy kommune sitt avslag på ferdigattest for fritidsbustad er oppheva av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

 


Publisert 22.02.2018

Rekkevidda for byggeforbodet i strandsona når byggegrense er regulert

Kommunal- og moderniseringsdepartementet  har i brev datert 31. januar 2018 konkludert med at byggeforbodet i strandsona etter plan- og bygningslova § 1-8 framleis gjeld dersom bygning skal førast opp i strid med regulert byggegrense.