Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 05.04.2016

Søknad utfylling og mudring ved Osen i Ølen

Omega Areal AS søkjer på vegne av Mittdistrikt Invest AS om løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i sjø ved 281/271 Ølen i Vindafjord kommune.


Publisert 04.04.2016

Søknad om utfylling i sjø ved Eidsbotn i Karmøy

Karmsund Maritime Eide AS søkjer om utfylling i sjø ved eiendommen 68/14 Eidsbotn i Karmøy kommune. Frist for å uttale seg om søknaden er 4 veker.


Publisert 21.03.2016

Løyve til utfylling i sjø Treholmen ved Husøy

Husøy Eigedom AS har fått løyve etter forureiningslova til sprenging og utfylling i sjø ved eigedomen 86/71 Treholmen, Husøy i Karmøy kommune.


Publisert 18.03.2016

Etterhandskunngjering av arbeid i sjø sør for riggkaien på Risøy

Petter J. Rasmussen AS er på vegne av Aibel AS gitt nytt endra løyve til arbeid i sjø på Risøy i Haugesund kommune.


Publisert 14.03.2016

Kontrollaksjon ved skipsverft i Rogaland

Våren 2016 skal Fylkesmannen delta i ein landsomfattande kontrollaksjon for å sjekka om skipsverfta i fylket følgjer miljøregelverket.


Publisert 02.03.2016

Etterhandskunngjering av endra løyve til arbeid i sjø ved Risøy

Fylkesmann har etter søknad frå Petter. J. Rasmussen på vegne av Aibel AS endra løyve til arbeid i sjø ved Risøy i Haugesund kommune.


Publisert 02.03.2016

Løyve til utdjuping og utfylling i sjø ved Kaupanes

Eigersund Næring og Havn KF har fått løyve etter forureiningslova til sprenging/mudring og utfylling i sjø i Holeviga ved Kaupanes i Eigersund kommune.


Publisert 22.02.2016

Løyve til utvida utfylling i sjø ved Kuneset på Hundvåg

Statens vegvesen Region vest har fått løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved gnr.4 bnr.120 ved Kuneset på Hundvåg i Stavanger kommune.


Publisert 09.02.2016

Etterhandskunngjering av endra løyve til arbeid i sjø Sandnes gjestehavn

Fylkesmannen har etter søknad frå Multiconsult AS på vegne av Sandnes Indre Havn Infrastruktur AS endra løyve av 12.05.2015 til arbeider i sjø ved Sandnes Gjestehavn.


Publisert 03.02.2016

Søknad om utfylling i sjø ved Tau Mølle i Strand kommune

Vestlie AS søkjer om løyve til utfylling i sjø ved industrikaien til Tau Mølle i Strand kommune. Frist for å uttale seg om søknaden er 4 veker.