Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 09.06.2016

Nytt løyve til IVAR renseanlegg Bore i Klepp

Fylkesmannen har gitt IVAR IKS nytt løyve etter forureiningslova til IVAR renseanlegg Bore. Løyve gjeld utslepp av reinsa avlaupsvatn tilsvarande 30 000 pe.


Publisert 08.06.2016

Etterhandskunngjering endra løyve til arbeid i Tauvågen

Strand vidaregåande skule har fått endra løyve til mudring av sediment framfor kaifronten i Tauvågen i Strand kommune.


Publisert 02.06.2016

Løyve til utfylling i sjø ved Langholmen

Fylkesmannen har gitt Bertelsen & Garpestad AS løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eiendommen 47/26 m.fl. Langholmen i Eigersund kommune.


Publisert 18.05.2016

Etterhandskunngjering av løyve til arbeid i sjø i Tauvågen

Strand vidaregående skule har fått løyve etter forureiningslova til å utføre pelearbeider i forureina sjøbotn ved gnr. 17, bnr. 4 i Tauvågen, Strand kommune. 


Publisert 04.05.2016

Søknad om løyve for avfallsanlegg i Jåttåvågen

Ecofiber Recycling AS har søkt Fylkesmannen om løyve etter forureiningslova for avfallsanlegg på eigedomen gnr. 17 bnr. 1462 i Stavanger kommune. Høyringsfristen er 4 veker.


Publisert 02.05.2016

Søknad om løyve til GemiNor AS på Storøy i Karmøy

GemiNor AS har søkt om løyve etter forureiningslova. Fimaet vil starte verksemd med lagring, kverning, utskiping av treflis og mottak og mellomlagring av farleg avfall. Høyringsfristen er 4 veker.


Publisert 28.04.2016

Høyring av søknad om utfylling i sjø Nordalsbotn

Statens Vegvesen, Region Vest søkjer om utfylling i sjø i Nordalsbotn, Karmøy kommune. Frist for å uttale seg om søknaden er 4 veker.


Publisert 27.04.2016

Etterhandskunngjering av endra løyve til arbeid i sjø i Holeviga

Multiconsult AS har på vegne av Eigersund Næring og Havn KF fått endra løyve etter forureiningslova til utdjuping og utfylling i sjø i Holeviga ved Kaupanes i Eigersund kommune.


Publisert 15.04.2016

Løyve til utfylling i sjø ved Tau Mølle i Strand

Vestlie AS har fått løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved industrikaien til Tau Mølle, gnr./bnr. 17/4 i Strand kommune.


Publisert 06.04.2016

Søknad om utsett frist for minimum 70% energiutnytting

Forus Energigjenvinning 2 AS har søkt om utsetjing av fastsett frist 01.01.2017 for minimum samla energiutnyttingsgrad på 70 % for dei to forbrenningslinene ved Forus-anlegget.