Vellukka årsmøte i 4H Rogaland
Sist helg var det årsmøte i 4H Rogaland der nærare 200 engasjerte ungdomar deltok. Styreleiar Mari Aksdal Hermansen blei gjenvald for ein ny 2års periode. Rogaland 4H har til saman 1300 medlem og 36 lokallag, og det er 4H-klubbar i nesten alle kommunar. Nokon er små, medan andre er blant dei største i landet. Den gjenvalde styreleiaren på 21 år kjem frå Sola kommune og Skjalg 4H, der ho har vore aktiv sidan barndomen.
10.03.2020