Siste frist for spreiing er 10. august – tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing
Spreiefristen for miljøvenleg gjødselspreiing nærmar seg og framleis er det fleire som ikkje har tatt 2. slåtten på grunn av mykje regn i juli. For å spreie seinare enn 10. august, må jordbruksføretaka ha dispensasjon dersom arealet skal gi grunnlag for regionalt miljøtilskot.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen kan ikkje gi ei generell utsetting av spreiefristen på grunnlag av klimatiske tilhøve. Dei som får problem med fristen 10. august, kan søkje dispensasjon. Dei må då ta kontakt med landbruksforvaltninga i sin kommune som igjen vil sende søknaden vidare til Fylkesmannen med ei tilråding. Søknaden må innehalde informasjon om
- namn, organisasjonsnummer, gardsnummer og bruksnummer
- tidspunkt for 1. slått
- kva areal søknaden gjeld for
- årsaka for søknaden
Heldigvis er vervarselet for dei neste dagane god, så forhåpentleg løyser det seg for mange.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66