Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 20.08.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at dei offentlege skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing.

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir


Publisert 02.01.2013

Informasjonsskriv om spesialundervisning med meire

Her finn du vårt årlege informasjonsskriv om spesialundervisning, spesialpedagogisk hjelp og særskilt språkopplæring, m.m. Skjema for klagebehandling er lagt ved.


Publisert 10.12.2012

Referat frå møte i GNIST 15. november 2012

Neste møte er sett til 27. februar 2013.


Publisert 09.04.2010

Rapport om skuleverket i Møre og Romsdal

Rapport: Skolen i Møre og Romsdal over 50 år frå 1953 - 2003

Vi er glade for å kunne sende ut ein rapport om utviklinga av skuleverket i Møre og Romsdal over ein 50-årsperiode. Det er tidlegare utdanningsdirektør Elen Lein som har skreve rapporten og lagt ned eit omfattande arbeid.


Kva er berekraftig matproduksjon?

Nettsida bærekraftigmatproduksjon.no syner på ein pedagogisk måte den kompliserte samanhengen mellom matproduksjon, klima og bruk av areal.

Vi følgjer familien Hansen som stiller nokre spørsmål før dei kan bestemme seg for kva dei skal ha til middag. Mellom anna lurer dei på: "Skal vi velje vegetarburgar eller hamburgar?", "Har dyra hatt det bra?", "Er det så viktig at maten er produsert i Norge?" og "Kva kostar det eigentleg?".

Nettsida passar fint for å formidle korleis maten blir produsert. Bruk gjerne nettsida i skolen!

Sida er produsert i samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og fleire miljø- og landbruksorganisasjonar.