Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 20.08.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at dei offentlege skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing.

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir


Publisert 18.10.2017

Obligatorisk ferdigheitsprøve i symjing.

Frå skoleåret 2017/2018 blir det obligatorisk å gjennomføre en ferdigheitsprøve i symjing for elevar på 1.-4. trinn.


Publisert 09.12.2014

Tilskott til oppplæring av barn og unge som søkjer om opphald i Norge

Utdanningsdirektoratet - logo

Justerte retningsliner for tilskottsordninga med verknad frå og med hausten 2014. 


Publisert 06.02.2014

Ny temaside - Eksamen og prøver

Eksamen og prøver

Vi har laga ei ny temaside "Eksamen og prøver" som de finn i høgre marg. Denne sida er ikkje ei totaloversikt over eksamens- og prøvefeltet. For å halde seg oppdatert, følg med på sida til Utdanningsdirektoratet. Her finn ein meir informasjon.


Publisert 22.07.2013

Avsluttande karakterar i grunnskulen i Møre og Romsdal

Karakterer 1-6

Fylkesmannen har ansvar for sensur og klagebehandling ved eksamen i grunnskulen. Førebels karakterstatistikk for eksamen 2013 er no klar.


Publisert 14.06.2013

Fylkesmannens informasjonsskriv 2013/2014

Klagebehandling - Enkeltvedtak om spesialundervisning og anna opplæring.


Publisert 07.06.2013

Klage på standpunktkarakterar

Klage på standpunktkarakter 2013 - forside 

Her finn du skjema og rettleiiar for klage på standpunktkarakterar i grunnskolen.

 


Publisert 03.06.2013

Møte med regionkontaktane for barnehage og skole, m.fl.

Referat og lysark frå møtet 28. mai 2013


Publisert 10.04.2013

Midlar til etter- og vidareutdanning av lærarar 2012/2013 - rapportering m.m.

Strategien Kompetanse for kvalitet (Etter- og videreutdanning 2012-2015)

Til kommunane i Møre og Romsdal og M&R fylkeskommune ved skoleeigar og aktuelle privatskolar. Rapportering på bruk av midlar 2012/2013 og refusjonskrav for våren 2013.

 


Publisert 18.01.2013

Statsbudsjettet for 2013 viser ei storsatsing på ungdomstrinnet

Kompetanseutvikling, nye valfag og ei fireårig tilskotsordning som eit forsøk med auka lærartettleik på ungdomstrinnet.


Publisert 03.01.2013

GNIST Møre og ROmsdal

Vedlagt følgjer eit informasjonsbrev til kommunar og skoler med ungdomstrinn.


Kva er berekraftig matproduksjon?

Nettsida bærekraftigmatproduksjon.no syner på ein pedagogisk måte den kompliserte samanhengen mellom matproduksjon, klima og bruk av areal.

Vi følgjer familien Hansen som stiller nokre spørsmål før dei kan bestemme seg for kva dei skal ha til middag. Mellom anna lurer dei på: "Skal vi velje vegetarburgar eller hamburgar?", "Har dyra hatt det bra?", "Er det så viktig at maten er produsert i Norge?" og "Kva kostar det eigentleg?".

Nettsida passar fint for å formidle korleis maten blir produsert. Bruk gjerne nettsida i skolen!

Sida er produsert i samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og fleire miljø- og landbruksorganisasjonar.