Kunngjering etter forureiningslova
Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta.
Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert.
Kunngjering av løyve til drift av biogassanlegg på Eldøyane i Stord kommune
Statsforvaltaren i Vestland gir Renevo AS løyve til drift av biogassanlegg på Eldøyane. Løyvet er datert 16. desember 2024.
Publisert 16.12.2024
Kunngjering av løyve til drift av biogassanlegg på Husnes i Kvinnherad kommune
Statsforvaltaren i Vestland gir Hardanger Biogass AS løyve til drift av biogassanlegg på Husnes i Kvinnherad kommune. Løyvet er datert 29. november 2024.
Publisert 16.12.2024
Kunngjering av løyve til drift av biogassanlegg på Bjørkemoen i Voss herad
Statsforvaltaren i Vestland gir BIR AS løyve til drift av biogassanlegg i Voss herad. Løyvet er datert 4. november 2024.
Publisert 28.11.2024
Kunngjering av løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Masfjorden kommune
MOWI ASA har 24. november 2024 fått løyve etter forureiningslova for utviding av produksjonen i sitt landbaserte akvakulturanlegg på lokaliteten Kvinge S.
Publisert 27.11.2024
Kunngjering av løyve til anleggsarbeider knytt til etablering av flaumtunnel og flaumoverløp for Røldal kraftverk i Ullensvang kommune
Statsforvaltaren i Vestland gav 27. november 2024 løyvet etter forureiningslova til anleggsarbeid ved dam Valldalen i Røldal i Ullensvang kommune. Formålet med tiltaket er etablering av nytt flaumoverløp, ny flaumtunnel, ny tappeluke og utviding av veg.
Publisert 20.11.2024
Kunngjering av løyve til anleggsarbeider ved Apeltunvassdraget knytt til utviding av sykkelvegbru i Bergen kommune
Statsforvaltaren i Vestland gav 20. november 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i nærleiken av Apeltunvassdraget i Bergen kommune. Formålet med tiltaket er utviding av sykkelvegbru som går parallelt med Osbanen.
Publisert 18.11.2024
Kunngjering av løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Fjaler kommune
Bue Salmon AS har 18. november 2024 fått løyve etter forureiningslova til etablering av landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Lutelandet.
Publisert 08.11.2024
Kunngjering av løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Kvassneset avløpsreinseanlegg i Alver kommune
Alver kommune fekk 7. november 2024 løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Knarvik tettbygde område.
Publisert 29.10.2024
Kunngjering av løyve til oppdrett av kveite på lokaliteten Skjelevika i Austevoll kommune
Austevoll Rensefisk AS fekk 23.10.2024 utsleppsløyve til oppdrett av stamfisk og yngel av kveite på lokaliteten Skjelevika i Austevoll kommune.
Publisert 15.10.2024
Kunngjering av løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn og avrenning frå massedeponi - Bjølvo kraftverk i Kvam herad for Statkraft Energi AS
Statsforvaltaren gav 15. oktober 2024 Bjølvi kraftverk løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn og avrenning frå massedeponi i Kvam herad. Formålet er å rehabilitering av Bjølsegrøvatn dam.
Kontaktpersoner
-
Sissel Storebø
Tlf: 55 57 23 17 / 92 82 78 65