Nettverksamling for kvalifiseringsprogrammet 12. mars 2019

Dato:
12. mars 2019 09:30 - 15:00
Stad:
Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som gjer vedtak om kvalifiseringsprogram og følgjer opp deltakarar i programmet

Tema for samlinga blir todelt; endringar i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet og innlegg om angst og depresjonar. Påmeldingsfristen er flytta til i morgon, 26. februar 2019 kl. 12.00.

Publisert 12.02.2019

Målet med nettverkssamlingane er å bidra til fagleg påfyll og erfaringsutveksling for Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet. Vi legg difor opp til gruppediskusjonar og erfaringsutveksling mellom deltakarane på samlinga.

Program for samlinga finn du under fana "Dokument".

Praktisk informasjon og påmelding

Registrering i resepsjonen hos Skatteetaten frå kl. 09.00.

Samlinga er gratis, og deltakarane får servert enkel lunsj. Om du har matallergiar, eller det er anna informasjon som er viktig for arrangør å vite om, opplyser du om dette i merknadsfeltet i påmeldinga. Fylkesmannen i Vestland bestiller og dekkjer kostnad med hotellovernatting 11.-12. mars 2019 for deltakarar som treng det grunna lang reiseveg. Denne regelen blir praktisert strengt. Dei som har behov for overnatting melder frå om det i påmeldingsskjemaet. Reiseutgifter dekkast av arbeidsgjevar.

Det er avgrensa tal plassar og Fylkesmannen tek difor atterhald om å kunne prioritere mellom dei påmelde, slik at flest mogeleg kommunar vert representerte. Nav-leiar/sosialsjef vert om naudsynt kontakta. Personar som ikkje er tilsette i Nav-kontor kan ikkje rekne med å få plass på samlinga.

Vi sender ut endeleg stadfesting om tildelt plass på samlinga etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Dato:
12. mars 2019 09:30 - 15:00
Stad:
Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som gjer vedtak om kvalifiseringsprogram og følgjer opp deltakarar i programmet