Nettverksamling for kvalifiseringsprogrammet 12. mars 2019
- Dato:
- 12. mars 2019 09:30 - 15:00
- Sted:
- Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som gjer vedtak om kvalifiseringsprogram og følgjer opp deltakarar i programmet
Tema for samlinga blir todelt; endringar i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet og innlegg om angst og depresjonar. Påmeldingsfristen er flytta til i morgon, 26. februar 2019 kl. 12.00.
Målet med nettverkssamlingane er å bidra til fagleg påfyll og erfaringsutveksling for Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet. Vi legg difor opp til gruppediskusjonar og erfaringsutveksling mellom deltakarane på samlinga.
Program for samlinga finn du under fana "Dokument".
Praktisk informasjon og påmelding
Registrering i resepsjonen hos Skatteetaten frå kl. 09.00.
Samlinga er gratis, og deltakarane får servert enkel lunsj. Om du har matallergiar, eller det er anna informasjon som er viktig for arrangør å vite om, opplyser du om dette i merknadsfeltet i påmeldinga. Fylkesmannen i Vestland bestiller og dekkjer kostnad med hotellovernatting 11.-12. mars 2019 for deltakarar som treng det grunna lang reiseveg. Denne regelen blir praktisert strengt. Dei som har behov for overnatting melder frå om det i påmeldingsskjemaet. Reiseutgifter dekkast av arbeidsgjevar.
Det er avgrensa tal plassar og Fylkesmannen tek difor atterhald om å kunne prioritere mellom dei påmelde, slik at flest mogeleg kommunar vert representerte. Nav-leiar/sosialsjef vert om naudsynt kontakta. Personar som ikkje er tilsette i Nav-kontor kan ikkje rekne med å få plass på samlinga.
Vi sender ut endeleg stadfesting om tildelt plass på samlinga etter at påmeldingsfristen er gått ut.
- Dato:
- 12. mars 2019 09:30 - 15:00
- Sted:
- Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som gjer vedtak om kvalifiseringsprogram og følgjer opp deltakarar i programmet