Psykisk helse og rus

Oppdatert 17.09.2024

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar, skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 04.02.2025

Ledige verv ved kontrollkommisjonane i Vestland

Det er ledige verv ved tre av kontrollkommisjonane i Vestland. Søknadsfristen er 1. mars.


Publisert 04.02.2025

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Psykiatrisk klinikk og ungdomsavdelinga for psykisk helsevern, Førde sentralsjukehus

I Kontrollkommisjonen for Psykiatrisk klinikk og ungdomsavdelinga for psykisk helsevern er vervet som vara for brukar-/pårørandemedlem ledig frå 1. juni 2025 til og med 31. desember 2027. Søknadsfristen er 1. mars 2025.


Publisert 04.02.2025

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane

I Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane er vervet som vara for legekyndig medlem ledig frå 1. juni til og med 31. desember 2025. Søknadsfristen er 1. mars 2025.


Publisert 04.02.2025

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Haukeland

I Kontrollkommisjonen for Haukeland er vervet som fast legekyndig medlem ledig frå 1. juli 2025 til og med 31. desember 2028. Søknadsfristen er 1. mars 2025.


Publisert 31.01.2025

Overdoseførebyggjande arbeid i kommunane

Helsedirektoratet har kome med nye råd for overdoseførebyggjande arbeid. KORUS inviterer til webinar om dei nye råda, onsdag 5. februar. 


Publisert 07.01.2025

Webinar om psykisk helsehjelp for barn og unge i kommunen

Helsedirektoratet har starta ei webinarrekkje om psykisk helsearbeid for barn og unge. Du kan sjå opptak av det første webinaret, som tek føre seg forankring og etablering av ei psykisk helseteneste for barn og unge.


Publisert 06.12.2024

Fleire klagar på bruk av tvang i psykisk helsevern

Det viser årsrapporten for 2023  frå Helsedirektoratet om kontrollkommisjonane sitt arbeid med bruken av tvang 


Publisert 10.09.2024

Digital konferanse om FACT ung

Konferansen er aktuell for alle som er interessert i FACT ung-satsinga, og skal vere 26. september.


Publisert 10.11.2023

Rettleiar for psykisk helsearbeid barn og unge

Rettleiaren skal gi anbefalingar om korleis oppnå eit heilskapleg og samordna psykisk helsearbeid for barn unge, frå helsefremjande og førebyggande arbeid til oppfølging og behandling.


Publisert 15.06.2023

Opptrappingsplan for psykisk helse (2023 – 2033)

Målet med opptrappingsplanen er at fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og god hjelp skal vere lett tilgjengeleg der det trengst.