Psykisk helse og rus

Oppdatert 26.02.2024

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar, skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 23.02.2022

Webinar om overdosar og lokalt førebyggjande arbeid

Den 2. mars frå 09.00 til 10.00 blir det arrangert eit webinar med overdose som tema.


Publisert 21.02.2022

Webinar om tilskot til FACT Ung

Den 8. mars 14.00-15.30 arrangerer NAPHA, i samarbeid med Helsedirektoratet, eit webinar for regionar som er interessert i, eller vurderer å søke tilskot til oppretting av FACT Ung-team.


Publisert 08.12.2021

Kompetanseheving i rus- og valdsproblematikk

Dei regionale kompetansesentera på rusfeltet (KoRus) og Ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) har utarbeidd kunnskapsmodular for området rus og vald. 16. desember blir det digitalt lanseringsseminar som er ope for alle.


Publisert 10.09.2021

Snakk om sjølvmord

I dag er det verdsdagen for sjølvmordsførebygging. Hovudbodskapen frå Helse Vest er at vi må tørre å snakke om sjølvmordstankar. Det er ikkje så viktig korleis du spør, men at du gjer det. 


Publisert 27.07.2021

Tilrådingar frå Ukom for betre pasienttryggleik i psykisk helsevern

Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten (Ukom) skal medverke til trygge helse- og omsorgstenester, og har gitt tilrådingar om tiltak i psykisk helsevern i to rapportar som er publiserte i år.


Publisert 24.06.2021

Evaluering av opptrappingsplanen for rusfeltet

Rapporten har fått tittelen «et tjenesteområde i utvikling». Den viser mellom anna at fleire personar med rusmiddelproblem opplever auka innflytelse på eige tenestetilbod, og dei får den hjelpa dei treng. Samtidig ser ein at det er store kommunale variasjonar, til tross for ei betydeleg satsing på rusfeltet.


Publisert 15.12.2020

Mange kommunar manglar handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar skjer i eit betydeleg omfang og er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Førebygging er viktig.


Publisert 15.12.2020

Forsterka psykososial beredskap rundt jul og nyttår

Fylkesmannen tilrår at kommunane har informasjon om offentlege hjelpe-, behandlings- og støttetilbod, og tilbod frå ideelle og frivillige organisasjonar lett tilgjengeleg på sine heimesider. 


Publisert 16.11.2020

«Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv»

Det er bodskapen til Helse Vest sin folkeopplysingskampanje som kjem i vinter.


Publisert 29.10.2020

Verktøy i arbeidet med førebygging av sjølvmord

Det finst fleire verktøy i arbeidet med førebygging av sjølvmord som det kan vere nyttig å kjenne til.