Kommuneplan for Suldal

Fylkesmannen meiner at Suldal kommune har laga ein framifrå kommuneplan med god samanheng mellom samfunnsdel og arealdel. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.09.2014

Suldal har laga ein god kommuneplan med gjennomgåande samanheng mellom samfunnsdel og arealdel. Kommunen har også utarbeidd ein god kystsoneanalyse som gir eit betre kunnskapsgrunnlag for å behandle søknader i strandsona. Storparten av dei nye bustad- og næringsområda i planen, er lokalisert til område som ikkje kjem i konflikt med viktige arealbruksinteresser.

Storparten av dei nye bustad- og næringsområda i planen, er lokalisert til område som ikkje kjem i konflikt med viktige arealbruksinteresser. Fylkesmannen støttar kommunen i at det blir lagt ut større bustadområde i Erfjord og Suldalsosen. Desse kan dekke behovet for mange tiår framover. Ut frå areal- og transportomsyn, jordvern og andre regionale og nasjonale miljøinteresser, har Fylkesmannen motsegn til bustadområda Oslehamrane, Erøy, Hammaren og Nesflaten, næringsområdet ved Tysingvatnet og råstoffutvinningsområdet på Nerheim.

 Les meir:

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.