Styrking av innsats mot barnefattidom
Tilskotsordninga for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom skal bidra til å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge gjennom å styrkje det sosiale og førebyggjande arbeidet i kommunane. Ordninga er ei vidareføring frå tidlegare år. Den skal bidra til å utvikle nye tiltak overfor målgruppa, betre samordninga av lokale tiltak, styrkje og utvikle kunnskap og kompetanse blant aktørane i lokalsamheldet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Formålet med ordninga er å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamiliar gjennom å utvikle tiltak og verkemiddel etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Dette skal gjerast ved å:
- styrkje det førebyggande arbeidet retta mot barn og unge i kommunen etter lov om sosiale tenester (§12)
- utvikle tenester overfor målgruppa
- utvikle tiltak og verkemiddel som styrkjer det heilskaplege oppfylgings- og rettleiingsarbeidet overfor låginntektsfamiliar (§17)
- ta i bruk heile NAV sitt verkemiddelapparat og sørgje for at tiltak blir koordinerte og sett i samanheng
- utvikle samarbeidsstrukturer og rutinar for samhandling med tenesteapparatet elles
- •styrke barneperspektivet i NAV
Målgruppa er:
- barn og unge i familiar/barnefamiliar som er i kontakt med dei sosiale tenestene i NAV
- barn og unge der foreldra deltek i Kvalifiseringsprogrammet
- barn og unge med innvandrarbakgrunn i låginntektsfamiliar
- ungdom mellom 15-25 år som ikkje er i opplæring eller arbeid
Prioriterte tiltak i 2014:
- tiltak som bidreg til å sikre barneperspektivet på NAV-kontoret
- utvikling av heilskaplege oppfylgingsprogram for låginntektsfamiliar
- utstyrsbank, ferie- og aktivitetstilbod til barn og familiane deira i skuleferiane som ein integrert del av den heilskapelege oppfylginga.
- tiltak som bidreg til overgang til opplæring, arbeid og aktivitet for ungdom opp til 25 år som ikkje er under utdanning eller i arbeid
- utvikling og forankring av ein kommunal handlingsplan for å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamiliar
Frist for å søkje tilskot er 1. februar 2014
Aktuelt
Søknadsskjema bokmål
Søknadsskjema word format - bokmål
Søknadsskjema nynorsk
Søknadsskjema word format - nynorsk