Av omsyn til både vilt og husdyr på beite er det ordinær bandtvang over heile landet frå 1. april til og med 20. august. I delar av nokre kommunar kan det vere bandtvang heile året.
13.07.2021, Endra 13.07.2021
Organisasjonar, forskingsinstitutt og føretak kan innan 15. september søke Landbruksdirektoratet om støtte frå Klima- og miljøprogrammet i landbruket.
12.07.2021
Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på verdiane i nokre av dei mest særeigne jordbrukslandskapa i landet. No er Fitjarøyane og øyane rundt Brandasund eit av områda som er aktuelle for å bli teke inn i utvalet.
09.07.2021
Alle føretak som slår bratt areal til fôr kan søke om ekstra tilskot. Tilskotet skal kompensere for meirarbeidet med å hauste dette arealet.
01.07.2021
Korleis kan vi bidra til berekraft og nyskaping i vestlandslandbruket? Dette skal på dagsorden på landbrukskonferansen for Vestland i september.
24.06.2021
Stortinget vedtok 31. mai 2021 endring av regelverket om nydyrking. Konsekvensane av vedtaket må utgreiast, så endringa har ikkje tredd i kraft. Gjeldande regelverk om forbod mot nydyrking av myr står framleis ved lag.
23.06.2021
Mange kommunar har trong for å jobbe meir med vernskog som tema i planar, men har for lite kunnskap om vernskog.
Dei fire nasjonale pilotprosjekta har gått saman om ei felles prosjektnettside.
23.06.2021, Endra 24.06.2021
Vi har nettopp opplevd nokre dagar med stor brannfare i skogen. Skogdrifta med store maskinar kan utløyse brann, men risikoen kan minskast om entreprenørane tek forholdsreglar.
16.06.2021
Kystlynghei i attgroing er full av brennbart materiale og kan gi store ukontrollerte brannar i utmarka. Den største utfordringa er paradoksalt nok at det brenn for lite i kystlandskapet.
10.06.2021