Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 20.08.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at dei offentlege skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing.

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir

snarveg

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 06.09.2021

Koronasmitte blant barn og unge

Folkehelseinstituttet (FHI) har oppsummert kunnskapen dei har om aukande smitte og konsekvensar for barn.


Publisert 03.09.2021

Karakter etter avslutta grunnskule

Avgangselevane som gjekk ut av grunnskulen våren 2021 hadde i snitt 43,3 grunnskulepoeng, som er 0,1 poeng høgare enn i fjor. Elevane i Vestland ligg 0,2 poeng over landssnittet.


Publisert 26.08.2021

Webinar om statistikk

Utdanningsdirektoratet har oppdatert sine nettsider der tal og statistikk frå barnehage, skule og fag og yrkesopplæringa blir publisert. Det er kome ny funksjonalitet og nytt innhald som dei ønskjer å presentere for utdanningssektoren.


Publisert 26.08.2021

Ny opplæringslov på høyring

Regjeringa meiner lovframlegget er ei framtidsretta opplæringslov som vil styrke sentrale elevrettar i grunnopplæringa. Høyringsfristen er sett til 20. desember 2021.


Publisert 13.08.2021

Reglar om fråvær og føring av fråvær

Kunnskapsdepartementet forlengjer dei mellombelse unntaka frå fråværsreglane ut september 2021. Det betyr at elevar kan bruke eigenmelding eller stadfesting frå ein forelder ved fråvær av helsegrunnar.


Publisert 30.07.2021

Ny nasjonal rammeplan for skulefritidsordninga (SFO)

Den nye rammeplanen trer i kraft 1. august i år, og kommunane har eit viktig ansvar for innføringa. Målet med planen er å bidra til likeverdig SFO av god kvalitet over heile landet. 


Publisert 24.06.2021

Oppsummering av spørsmål etter samling – barn med særlege behov

Vi har sett nærare på problemstillingar som kom opp i samband med våre temasamlingar våren 2021.


Publisert 04.06.2021

Klage på standpunktkarakterar i grunnskulen

Elevar og foreldre kan klage på standpunktkarakterar og på vedtak om å ikkje setje standpunktkarakter.


Publisert 25.05.2021

Rett til skuleskyss

Elevar som ikkje går på nærskulen sin kan ha rett til skuleskyss. Det er fylkeskommunen ved Skyss som behandlar søknader om skuleskyss.


Publisert 18.05.2021

Dokumentasjonskrav ved fråvær på eksamen som følgje av Covid-19

Ingen med symptom på covid-19, eller som er i karantene, skal møte til eksamen.