Klima

Oppdatert 18.11.2024

Utsleppet av klimagassar i Noreg må ned for at vi skal nå dei internasjonale og nasjonale måla som er definerte i Parisavtalen og klimalova. Vi kan avgrense klimaendringane ved å redusere klimagassutslepp og å auke opptak og binding av karbon. Samtidig må vi erkjenne at klimaet alt er i ferd med å endre seg, og at vi må tilpasse oss eit endra klima.

Utsleppsreduksjonar

Statsforvaltaren skal arbeide for å redusere utslepp av klimagassar på ei rekkje område. Vi er bindeleddet mellom nasjonal klimapolitikk og kommunar og andre aktørar i fylket. Statsforvaltaren har dessutan ein viktig funksjon i å følgje opp planarbeidet i kommunane, både som rettleiar i kommunal planlegging og ved å fremje motsegn dersom planar er i strid med nasjonale retningslinjer. På landbruksområdet informerer og rettleiar vi om tiltak og verkemiddel som kan redusere klimagassutsleppa og auke opptak og binding av karbon. Vi jobbar for å formidle kunnskap og informasjon om klima til kommunane innanfor alle ansvarsområda våre. Dette gjer vi gjennom dialog med kommunane og gjennom samlingar, kurs og konferansar.

Klimatilpassing

I Noreg betyr klimaendringane i hovudsak høgare gjennomsnittstemperatur, auka nedbørintensitet, auka avrenning, færre dagar med snø, auka havnivå og konsekvensar for naturmiljøet. Endringane gir auka risiko for flaum, stormflo, skred (både jordskred og snøskred) og skader som følgje av overvatn. Klimaendringane har også meir sakteverkande effektar på natur og samfunn, som endringar i artar og økosystem og endra vilkår for naturbaserte næringar som fiskeri, landbruk og reiseliv. Klimaendringane har ulike konsekvensar i ulike område av landet, og nødvendige tiltak kan variere frå stad til stad. 

Statsforvaltaren skal bidra til at samfunnet klarer å avgrense den negative effekten av klimaendringane. Rolla vår er å ta avgjerder og vere rettleiar innan fleire av fagområda våre. Arealplanlegging har ei nøkkelrolle i klimatilpassingsarbeidet, og Statsforvaltaren rettleiar og kan komme med motsegn. Statsforvaltaren har dessutan ei sentral rolle innanfor regional samfunnstryggleik og beredskap, som omfattar tilsyn, rettleiing og risikoførebyggande arbeid, og handtering av akutte situasjonar. Landbruk, avløp, naturforvaltning og vassforvalting er andre fagområde der Statsforvaltaren kan vere med og bidra til at samfunnet er førebudd på å tole konsekvensane av et endra klima.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 15.09.2020

Nye klimawebinarer for kommunane

Miljødirektoratet tilbyr nye webinarer om klimatilpassing og korleis kommunane kan kutte utslepp av klimagassar. Rundt 50 webinarer kan sjåast i opptak.


Publisert 08.07.2020

24 prosjekt i vårt fylke fekk stønad gjennom Klimasats-ordninga i 2020!

Prosjekta varierer i alt frå byggverk i tre, klimavennlege innkjøp, mobilitetsplanlegging, mat til ladepunkt og klimarekneskap. 


Publisert 12.05.2020

To kommunar får stønad i vårt fylke når det gjeld klimatilpassing for 2020

Miljødirektoratet deler ut 6,4 millionar kroner til kommunar og fylkeskommunar for å auke kunnskapen om klimatilpassing. Og i år har Skien og Kragerø kommunar fått stønad.


Publisert 29.04.2020

Utfordringer med overvann i byer og tettbygde strøk

I webinaret arrangert av Miljødirektoratet, får kommunene tips om hvordan de kan bestemme dimensjonerende nedbør og klimapåslag for å unngå overvann.


Publisert 16.12.2019

Ny rettleiar om klimatilpassing

Ny rettleiar til dei statlege planretningslinene for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing er nå klar.