Jordbruksforvaltning

Aktuelt stoff og saksbehandling til kommunal forvaltning innen jordbruk, jordvern, kart, eiendom og arealforvaltning.


Publisert 21.09.2020

Nye rundskriv for produksjonstilskot

I samband med søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket med søknadsfrist 15. oktober er nytt kommentarrundskriv 2020-28 lagt ut på Landbruksdirektoratet sine nettsider.


Publisert 18.09.2020

Ny versjon av Agros

Torsdag 17. september vart det lagt ut ny versjon av Agros.


Publisert 17.09.2020

Ny versjon av ELF (sakshandsamingsverktøy for erstatningssaker)

ELF har vorte oppgradert til versjon 8.16:


Publisert 15.09.2020

Søknadsskjema RMP-tilskot

Her er søknadsskjema for RMP-tilskot i 2020 på nynorsk og bokmål. Dei to søknadsskjema er lagt ut på nettsida for RMP-tilskot.


Publisert 15.09.2020

Økouka i Vestfold og Telemark

I veke 39 vil Økouka i Vestfold og Telemark føregå, med mange flotte arrangement. 


Publisert 10.09.2020

Opning av søknadsomgangen for RMP-tilskot og produksjonstilskot

  • Frå 15. september kan føretak søka RMP-tilskot gjennom Altinn.
  • Telledato er 1. oktober for både RMP-tilskot og produksjonstilskot.
  • Frå 1. oktober kan føretak søka produksjonstilskot gjennom Altinn.

Publisert 10.09.2020

Handsaming av søknad om erstatning for produksjonssvikt

Det ser ut til å verte middels til svært gode avlingar av korn, gras, potet og grønsaker. Det er fyrst og fremst i frukt og ber at me ventar søknadar om erstatning for avlingssvikt.


Publisert 10.09.2020

«Kommentarer til forskriftene om erstatning ved produksjonssvikt i plante- og honningproduksjon» er klar

Største endringa i år er at det kan søkjast om erstatning for avling som ikkje har vorte hausta som fylgje av coronatiltak.


Publisert 03.09.2020

Meld tilbake om ekstra behov for SMIL-midlar innan 10. september!

Nokre kommunar har brukt opp sin pott, og har enda søknader liggande. Fylkesmannen har heldt tilbake 1 mill kr i ikkje disponerte midlar. (Disse kjem i tillegg til dei ca. 3,9 mill kr som er ikkje er disponert i kommunane).


Publisert 28.08.2020

Erstatning ved svikt i produksjonen 2020

Som tidlegare år kan det løyvast erstatning for svikt i plante- og honningproduksjonen som er årsaka av klimatiske tilhøve. I år kan det i tillegg løyvast erstatning for svikt i produksjonen av frukt, bær, grønsaker og potet som er årsaka av at koronarestriksjonar har ført til mangel på arbeidskraft.