Sei frå til rektor først
Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor om kva du opplever. Rektor skal ta det du opplever på alvor, og skulen må undersøke det som har skjedd. Undersøkinga skal gje skulen informasjon slik at dei kan setje inn tiltak for å hjelpe deg. Du har rett til å seie kva du meiner og kva du ønskjer at skulen skal gjere. Du kan seie meininga di sjølv eller late andre gjere det for deg. Dei vaksne på skulen skal hjelpe deg slik at du får det trygt og godt på skulen.
Skulen skal alltid lage ein skriftleg plan med tiltaka som viser korleis dei skal hjelpe deg. Du har rett til å seie kva du meiner om planen, og du har rett til å få planen frå skulen.
Sei frå til Statsforvaltaren viss skulen ikkje gjer nok
Rektor må kjenne til korleis du opplever skulemiljøet. Rektor har fem arbeidsdagar på å gjere deg trygg på at skulen skal hjelpe deg. Viss du etter dei fem arbeidsdagane ikkje er trygg på at skulen vil klare å hjelpe deg, kan du melde frå til oss hjå Statsforvaltaren. Det same gjeld viss du føler at skulen ikkje tek deg på alvor. Vi som jobbar hjå Statsforvaltaren skal først finne ut om skulen har gjort jobben sin for at du skal få det trygt og godt på skulen. Dersom vi ser at dei ikkje har gjort jobben sin, kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.
Er du elev eller føresett og ønskjer å melde frå om utrygt skulemiljø? Då ber vi deg ta kontakt ved å bruke anten raud eller oransje meldeknapp. Viss du brukar den oransje meldeknappen, må du logge inn med ein elektronisk identitet (eID). Med ein sikker eID er personleg informasjon trygg på nettet og det er vanskeleg for andre å late som at dei er deg i digitale tenester.