Gode rekneskapsresultat for kommunane i Rogaland
Denne artikkelen er oppdatert med endelige tall. KOSTRA-tal for 2023 viser at dei aller fleste kommunane i Rogaland leverer positive og gode rekneskapsresultat. Samla hadde kommunane i Rogaland eit netto driftsresultat i 2023 i snitt på 5,4 prosent av brutto driftsinntekter. Eit driftsresultat på minimum 1,75 prosent er tilrådd. Snittet for alle kommunane i landet var 0,8 prosent. Av 356 kommunar i Norge leverer heile 157 kommunar eit negativt driftsresultat for 2023. I Rogaland har tre kommunar eit mindre underskot.
05.04.2024