Melding om oppstart av forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat
Statsforvaltaren i Rogaland melder med dette om at arbeidet med forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat i Klepp kommune skal starta opp. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt for verneområdet, og har med det ansvaret for arbeidet, jf. § 7 i verneforskrifta. I korte trekk skal det lagast ein plan for korleis verneområdet skal forvaltast.
22.04.2021