Prosjektoppstart for kartlegging av marine naturtypar i Rogaland

NIVA, Havforskningsinstituttet og NGU startar i 2012 opp med kartlegging av marine naturtypar i Rogaland. Marin kartlegging er eit av fleire delprosjekt under nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Programmet er finansiert av Miljøverndepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2012

Tysdag 26. april 2012 deltok kommunar, Rogaland fylkeskommune og Fiskeridirektoratet region Sør på eit oppstartsmøte om prosjektet i regi av Direktoratet for naturforvaltning, NIVA Havforskningsinstituttet og NGU. Møtet gjekk føre seg på Statens Hus, hjå Fylkesmannen.

Målet for prosjektet er å opparbeide god kunnskap om førekomst og verdi av utvalde naturtypar til bruk i avgjerder som omfattar kystsona. Slik kunnskap er eit viktig grunnlag for ein meir bærekraftig og føreseieleg arealplanlegging. Vidare er kunnskapen viktig for å hindre unødig tap av biologisk mangfald og for å skapa ein større legitimitet for forvaltningsarbeid med naturtypar. I tillegg kan det gje ein meir aktiv forvaltning av biologisk mangfald.

Prosjektet omfattar kartlegging av nokre utvalte naturtypar jf. DN-handbok 19: kartlegging av marint biologisk mangfald, og NIVA-rapport 5410-2007: Startpakkerettleiar for Rogaland. Naturtypen ålegraseng vart kartlagd på nokre deler av kysten i Rogaland hausten 2011. I 2012 har gyteområdar for stasjonære bestandar av kysttorsk vert kartlagd.

For at kartlegginga skal bli best mogleg, vil det vere viktig å samle inn lokalkunnskap om dei naturtypane og områdane som skal kartleggast. Kommunane, Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Rogaland, samt Fiskeridirektoratet region sør, kan gje innspel til prioriteringa av kartlegginga.

Under er lenker til innlegga som vert halde på oppstartsmøtet 26.04.2012.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar