Fylkesmannen i Rogaland har no utarbeidd ein ny FylkesROS. FylkesROS blei laga første gong i 2008. Denne skal gi oversikt over aktuelle risikoar og sårbarheiter i fylket. Fylkesmannen trekker spesielt fram ekstremt vêr og klimaendringar, radioaktiv stråling, smittsam dyresjukdom, stor ulykke med mange skadde og tilsikta/hybrid hending.
23.03.2018
Fylkesmannen har nå meld oppstart av frivillig vern av skog i tre områder i Rogaland. Føremålet med desse reservata er å verna lågtliggande oseaniske skogsområde med regnskogskarakterar samt innslag av edellauvtre.
Me ber alle skituristar i påskefjellet om å vise omsyn til villreinen og unngå unødig forstyrring av drektige simler.
22.03.2018
Reve kompost AS søker om å gjere endringar i løyve etter forurensningslova §11, jf §16. Det vert søkt om auke i mottakskapasitet frå 10 000 tonn til 25 000 tonn organisk avfall per år på komposteringsanlegget. Anlegget er plassert på Refve gnr. 41 bnr. 3 Nordsjøvegen 520 i Klepp kommune.
15.03.2018
Nedanfor finn du kart som viser fredningssoner, forbodssoner, kartlenke til Lakseregisteret m.m.
14.03.2018, Endra 21.03.2022
Nedanfor finn du navn på kontaktpersonar innan fiskeforvalting laks og sjøaure, tips om ulovleg fiske, rømt oppdrettslaks, marine artar og innlandsfisk.
14.03.2018, Endra 18.10.2022
I samanheng med kartlegging av den utvalde naturtypen store/hole eiker blei det i 2015 notert og samla påvekst på 50 stammar over 200 cm i Sandnes og Stavanger kommunar.
13.03.2018
Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve til mudring og peling i sjø ved eigendomane 51/52 og 88 i Randaberg kommune.
Westco Miljø AS på Forus sitt løyve etter forureiningslova er endra. Endringa gjeld enkelte vilkår og gir løyve til mottak, mellomlagring og omemballering av matoljer / frityroljer.
08.03.2018
Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad gitt Aker Solutions AS løyve til utfylling i sjø ved eigedomen 8/36 i Eigersund kommune.
Fylkesmannen har gitt Stavanger kommune løyve til arbeid i sjø ved legging av nytt røyr for vatn mellom Engøy og Sølyst i Engøysundet.
07.03.2018
Fylkesmannen har gitt Karmsund Havn IKS løyve til arbeid i sjø på Husøy (Stutøy ved Flatskjer) i Karmøy kommune. Løyvet omfattar mudring av tidlegare utfylte masser, pelearbeid og sprenging i sjø.