Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 17.11.2020

Løyve til utslepp av prosessvatn i Gandsfjorden

Fylkesmannen har gitt Nortura Forus løyve til utslepp av prosessvatn til Gandsfjorden i 3 veker grunna arbeid med utbetring av avløpsnettet i Stavanger kommune.


Publisert 16.11.2020

Løyve til tiltak i sjø i indre Bangarvågen

Buøy Invest AS har fått løyve til mudring, peling og utfylling i sjø i indre Bangarvågen i Stavanger kommune.


Publisert 06.11.2020

Fylkesmannen fornyar Aker Solutions' mellombels løyve i Egersund

Aker Solutions AS fekk 2.juli 2020 midlartidig løyve etter forureiningslova, til utslepp av testvatn frå eit produksjonsanlegg for servicevatn. Testen skulle ha funne stad i august, men har vorte utsett. Fylkesmannen har no fornya løyvet.  


Publisert 06.11.2020

Luft på dagsorden - Siste nytt

God luftkvalitet er viktig for å bevare god helse. Her i Rogaland er vi så heldige at vi i all hovedsak har god luftkvalitet. Vi har allikevel opplevd perioder med høy luftforurensning.


Publisert 30.10.2020

Løyve til arbeid i sjø - Helgøy - Mosnes

Rogaland fylkeskommune har fått løyve til sprenging og peling i sjø i samband med bygging av ei bru mellom Helgøy og Mosnes i Hjelmeland kommune.


Publisert 17.09.2020

Løyve til Equinor ASA for arbeid i sjø

Equinor ASA fått løyve til utfylling i sjø på eiendom 77/15 Kalstø, i Karmøy kommune.


Publisert 08.09.2020

Løyve til arbeid i sjø - Mekjarvik Eiendom AS

Mekjarvik Eiendom AS har fått løyve til utfylling i sjø på eiendom 51/20 og 51/84, Mekjarvik, i Randaberg kommune.


Publisert 08.09.2020

Endra løyve til tiltak i sjø - Kulimport Eiendomsutvikling AS

Fylkesmannen har etter søknad endra løyve gitt til Kulimport Eiendomsutvikling AS til utfylling og mudring i sjø. Endringa omhandlar i hovudsak avbøtande tiltak for å hindra spreiing av forureining frå tiltaket.


Publisert 08.09.2020

Etterkunngjering av midlertidig løvyve til lagring av restavfall på Hogstad

Fylkesmannen har gitt IVAR IKS midlertidig løyve til å lagre restavfall på Hogstad avfallsanlegg i veke 37. Avfallet skal lagrast innadørs.


Publisert 09.07.2020

Tillatelse til sprenging i sjø ved Halsne, Helgøy, Eidssund og Fogn

Rogaland fylkeskommune er gitt tillatelse etter forurensningsloven til arbeider i sjø i Stavanger kommune. Tillatelsen omfatter sprenging av ca 1740 m3 steinmasser ved fire lokasjoner. De nye ferjene i midtsambandet i Ryfylkebassenget krever en minstedybde på 4,9 meter.