Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 29.10.2013

Utsleppsløyve til Risa AS i Bjerkreim kommune

Risa AS er gitt løyve til mottak, mellomlagring og gjenvinning av betong, tegl og asfaltmasse på gnr.58 bnr.2 på Moi i Bjerkreim.


Publisert 23.10.2013

Etterkunngjering av løyve til Mosvatnet reinseanlegg

Suldal kommune har fått nytt løyve til utslepp av avlaupsvatn tilsvarande 4 300 pe for Mosvatnet reinseanlegg.


Publisert 08.10.2013

Ofte stilte spørsmål om støy og forureining

Vi har samla nokre av dei mest vanlege spørsmåla Fylkesmannen får dagleg og gitt eit svar på desse. Du finn lenker til aktuelt regelverk og omtale av korleis ulike forureiningsproblem kan løysast.


Publisert 17.09.2013

Nytt løyve til Sentralrenseanlegg Nord-Jæren SNJ

IVAR IKS har fått nytt løyve til utslepp av avlaupsvatn tilsvarande 400 000 pe for Sentralrenseanlegg Nord-Jæren (SNJ).


Publisert 16.09.2013

Hillevågslukta - Status for verksemdene og orientering om regelverket

På bakgrunn av fleire klager ønskjer vi å orientere om status og regelverk med omsyn til lukt for fôrprodusentane i Hillevåg i Stavanger. Vi følgjer opp alle registrerte klager i periodiske kontrollar. Kommunen kan vurderer enkeltklager med bakgrunn i helseulemper.


Publisert 03.09.2013

Uttale til søknad om dispensasjon for montering av Aasta Hansteen-plattforma i Vats- og Yrkjefjorden

Det er søkt om løyve til montering, stabilisering og mellombels ankring av produksjonsplattforma Aasta Hansteen i perioden september-desember 2015. Statoil tek etter dette over arbeidet med samankopling av dekket og klargjering av plattforma i Yrkesfjorden fram til utsleping sommaren 2016.


Publisert 08.07.2013

Løyve til anlegg og drift for Jærkylling AS

Verksemda Jærkylling AS har fått løyve etter forureiningslova for anlegg i Kviamarka i Hå kommune.


Publisert 08.05.2013

Endra løyve til Westco Miljø AS i Sandnes

Westco Miljø AS på Forus i Sandnes kommune har fått endra løyve etter forureiningslova.


Publisert 23.04.2013

Informasjon til pukkverk som vil knuse og gjenvinne betong m.m.

Alle verksemder som ønsker å ta imot betong og tegl for mellomlagring og gjenvinning, må søke om utsleppsløyve etter forureiningslova. Pukkverk som allereie driv slik verksemd og ønsker halde fram med dette, må søke Fylkesmannen innan 1. september 2013. Mellomlagring og knusing utan utsleppsløyve vil etter dette verte ulovleg.


Publisert 09.04.2013

Løyve til mudring og utfylling ved Naustholmen i Finnøy kommune

Naustholmen Velforening har fått løyve til mudring og utfylling i sjø ved Naustholmen på Nord-Talgje i Finnøy kommune.