Produksjonstilskot og velferdsordningar i jordbruket


Publisert 26.09.2016

Innfører søknadsfrist for landbruksmidlar til investeringar

Frå i haust innfører Innovasjon Norge to årlege søknadsfristar for landbruksmidlar som skal nyttast til investeringar innan tradisjonelt landbruk i Rogaland. Dei strategiske prioriteringane for 2016 blir ført vidare.  


Publisert 24.08.2016

Bønder får medhald i klage over avslag på produksjonstilskot

Fylkesmannen tek klaga til følgje i to saker der kommunen avslo tilskotssøknadane. Kommunen avslo søknadane fordi dei meiner at føretaka ikkje driv vanleg jordbruksproduksjon sidan dei ikkje eig eller leigar jord i tråd med vilkåra for å oppfylle driveplikta ved bortleige.


Publisert 09.08.2016

Hugs søknadsfrist for produksjonstilskot i jordbruket 20. august

Søknaden kan leverast elektronisk via Altinn eller i papirformat til kommunen. Det er kommunen som behandlar søknaden, og som svarar på spørsmål om ordninga.


Publisert 03.08.2016

Tid for å søkje om regionalt miljøtilskot

No er det tid for å søkje om tilskot frå Regionalt miljøprogram. Her kan landbruksføretak mellom anna søkje tilskot til skjøtsel av bratt areal, vedlikehald av ferdselsårar, kulturminne og tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing. Siste frist er 20. august.


Publisert 31.05.2016

Produksjons- og avløysartilskot blir utbetalt 1. juni

Produksjons- og avløysartilskot for søknadsomgangen i januar 2016 blir utbetalt frå Landbruksdirektoratet onsdag 1. juni. Dei fleste vil ha pengane på sin konto innan fredag 3. juni.


Publisert 01.03.2016

Endeleg oppdragsbrev for strategisk bruk av bedriftsretta landbruksmidlar

Landbruks- og matdepartementet har i supplerande tildelingsbrev for 2016 gitt Fylkesmannen i Rogaland i oppgåve å formidle strategisk bruk av bedriftsretta landbruksmidlar. Midlane blir forvalta av Innovasjon Norge, og skal bli brukt til å støtte investeringar i landbruket.


Publisert 19.02.2016

RMP tilskot blir utbetalt 24.februar

Tilskot frå Regionalt miljøprogram (RMP) vil bli utbetalt 25.februar. Tilskotsbrevet er no tilgjengeleg i Altinn. Brevet viser tilskotsbeløp, godkjende tiltak og endelege tilskotssatsar.


Publisert 03.02.2016

Rogalandsbøndene mottek 531 millionar i produksjonstilskot

Onsdag 3. februar får bøndene utbetaling av produksjonstilskot i jordbruket. På landsbasis får bøndene til saman 5,2 milliardar kroner. Av desse går 531 millionar til Roglandsbøndene.


Publisert 15.01.2016

Avløysartilskot - hugs å føre opp lønnsutgifter!

Denne søknadsomgangen er det nye rutinar for å søkje om avløysartilskot. Vi ser at mange har gløymt å føre opp utgifter til lønn, og berre fører opp arbeidsgivaravgift.


Publisert 11.01.2016

Tid for å søkje produksjonstilskot i jordbruket- hugs konsekvensar ved utegløymte opplysningar

Fristen for å søkje om produksjonstilskot i jordbruket er onsdag 20. januar. Hugs å få med alle opplysningane når du søkjer -  å etterregistrere utegløymte opplysningar, blir rekna som innsending av ny søknad. Etter fristen blir søknadar trekt med kr 1000 per dag.